Linnean Society of London
Linneaen Society of London er eit vitskapleg selskap vigd studiar og formidling av naturhistorie, evolusjon og taksonomi. Det blei skipa i 1788, og er det eldste vitskaplege selskapet vigd biologi som framleis er verksamt.
Linnean Society of London | |||
Burlington House. | |||
Skipa | 1788 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Burlington House | ||
Leiar | Anjali Goswami | ||
Omsetjing | 1 335 623 britisk pund (2016) | ||
Donasjonar | 20 416 britisk pund (2019) | ||
Tilsette | 22 (2019, 2018) | ||
Nettstad | http://www.linnean.org/ |
Historie
endreSelskapet blei stifta 18. mars 1788 av James Edward Smith, Samuel Goodenough og Thomas Marsham[1][2] og andre med interesse for naturhistorie, som botanikaren Joseph Banks. Det tok namn etter Carl von Linné. Det fyrste møtet blei halde 8. april same året. Smith blei vald til styrar for selskapet, ei stilling som han heldt på gjennom årlege omval heilt til han døydde i 1828. Selskapet fekk royal charter (kongeleg stadfesting) i 1802.
I 1791 byrja selskapet å gje ut Transactions of the Linneaen Society of London, som sidan har fortsett under ulike namn som Proceedings of the Linneaen Society of London og Journal of the Proceedings of the Linneaen Society. Sidan 1969 har det gjeve ut tre vitskaplege tidsskrift: Biological Journal of the Linneaen Society, Botanical Journal of the Linneaen Society og Zoological Journal of the Linneaen Society.[3]
Kjelder
endre- ↑ Biorgraphy of Sir James Edward Smith Arkivert 2017-01-06 ved Wayback Machine. på nettstaden til Linnean Society.
- ↑ Andrew Thomas Gage, William Thomas Stearn, 1988, A Bicentenary History of the Linnean Society of London, s. 6–11. ISBN 9780122731501.
- ↑ Linnean Society of London Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. på Scholarly Societies Project.
- Denne artikkelen bygger på «Linnean Society of London» frå Wikipedia på svensk, den 8. september 2021.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Linnean Society of London i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1912)