Linxia (kinesisk skrift 临夏, pinyin Línxià) er eit autonomt prefektur for hui-kinesarar i provinsen Gansu, i vestdelen av Kina. Prefekturet ligg rett sør for provinshovudstaden Lanzhou, og grensar i vest til Qinghai-provinsen. Linxia har eit areal på 8 169 km² og hadde nær 1,95 millionar ibuarar i 2010. Huang He renn gjennom nordvestdelen av prefekturet og grev med seg mykje lausmasse.

Utsyn over dalen der elva Daxia He renn gjennom Linxia
Plasseringa av Linxia (gul) i Gansu

Det autonome prefekturet Linxia omfattar eitt byfylke (市 shì), fem fylke (县 xiàn) og to autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn). Over 49 % av folkesetnaden er han-kinesisk, med huifolk som den neste største folkegruppa.

Byen Linxia var i si tid ein viktig stoppestad på Silkevegen. Bingling-tempelet i prefekturet er oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.

Kjelder endre