Bingling-tempelet

Bingling-tempelet eller Bingling-grottene (kinesisk skrift 炳靈寺石窟, pinyin Bǐnglíng Sì) er ei samling holetempel i Yongjing-fylket i det autonome prefekturet Linxia i provinsen Gansu, i vestdelen av Folkerepublikken Kina. Holetempela, med hundrevis av buddha-skulpturar i grotter, ligg nær ved der storelva Huang He renn ut i Liujiaxiadammen, ei demning i Huang He. Bingling-grottene ligg om lag 100 km søraust for provinshovudstaden Lanzhou, og kan berre nåast med båt.

Den nær 27 meter høge Maitreya-buddhaen

Den første grotta vart hoggen ut rundt år 420, mot slutten av det fyrste Jin-dynastiet. 183 holer med i alt 694 steinstatuar og 82 figurar i ulike storleikar er bevart. Den såkalla Maitreya-buddhaen er den største statua i området.

Holetempelet vart i 1961 oppført på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Bingling-tempelet