Opna hovudmenyen

Lisa Gerrard

australsk komponist og songar

Lisa Gerrard (fødd 12. april 1961) er ein australsk musikar, songar og komponist fødd i Melbourne. Gerrard er kjend for den djupe kontraaltstemma si, og blei først berømt internasjonalt som del av musikkgruppa Dead Can Dance med den irske tidlegare partnaren hennar Brendan Perry, før ho seinare utførte andre samarbeid og soloprosjekt.

Lisa Gerrard
LisaGerrard-Press-Image-2009.jpg
Fødd12. april 1961
FødestadMelbourne
OpphavAustralia
Aktiv1981–
Sjangerethereal wave, Verdsmusikk, Dark wave
Instrumenttrekkspel, gitar, vokal
Stemmetypealt
Plateselskap4AD, Warner Bros. Records
Verka somsongar, komponist, musikar, filmmusikkomponist, vokalist

Karrieren til Gerrard begynte i 1981 og ho har deltatt i ei rekke prosjekt. Gerrard mottok ein Golden Globe-pris og ein Oscarnominasjon for musikken til filmen Gladiatoren, eit samarbeid med Hans Zimmer. I tillegg til å synge spelar ho også instrument på mange av låtane sine, som regel brukar ho yangqin, eit kinesisk hakkebrett.

Innhaldsliste

UtgjevingarEndra

I Dead Can DanceEndra

Sjå Dead Can Dance

Etter Dead Can DanceEndra

  • Soloalbum
    • The Mirror Pool (1995)
    • Whalerider (Original Soundtrack) (2003)
    • The Silver Tree (2006)
    • The Best of Lisa Gerrard (2007)
  • Samarbeid
    • Duality (1998), med Pieter Bourke
    • Immortal Memory (2004), med Patrick Cassidy
    • A Thousand Roads (2005) med Jeff Rona
    • Ashes and Snow (2006) med Patrick Cassidy

BakgrunnsstoffEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.