Elizaveta Ryzih (fødd 27. september 1988), kjend som Lisa Ryzih, er ein tysk stavhoppar fødd i Omsk i den dåverande Sovjetunionen. Ho vann EM-bronse i 2012 og tok EM-sølv i 2016.

Lisa Ryzih


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 27. september 1988 (35 år)
Omsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2016

Aktiv endre

Ryzih gjorde personbeste med 4,65 m under europameisterskapen 2010 i Barcelona og fekk bronsemedaljen for den prestasjonen. I EM 2014 vart ho nummer fire med 4,60 m, same høgda som sølv- og bronsevinnar stoppa på. To år seinare vann ho sølv med 4,70 m då europameisterskapen 2016 fann stad i Amsterdam. Den 19. juli 2016 sette Ryzih personleg rekord med 4,73 m ved eit stemne i Jockgrim. I mars 2017 kom Ryzih på andreplass ved hall-EM i Beograd med 4,75 meter, personbeste innandørs.

Ryzih vart tysk meister i stavhopp i 2014, 2015 og 2017.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre