Ekateríni Stefanídi

Ekaterini Stefanidi (fødd 4. februar 1990) er ein gresk stavhoppar frå Aten som vann EM-gull og OL-gull i øvinga i 2016 og VM-gull i 2017.

Ekateríni Stefanídi


Verkeleg namn Αικατερίνη Στεφανίδη
Statsborgarskap Hellas
Fødd 4. februar 1990 (34 år)
Aten
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2013, EM i friidrett innendørs 2015, Sommeruniversiaden 2011, Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Stavsprang damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Stavsprang kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner

Aktiv endre

Stefanídi kom i 2011 på sølvplassen i stavtevlinga då U23-EM fann stad i tsjekkiske Ostrava, og fekk bronsen i universiaden i kinesiske Shenzhen, der ho forbetra den personlege rekorden til 4,45 m. Same høgda nådde ho då i OL-året 2012 vart nordamerikansk collegemeister (NCAA). Nokre veker før OL-tevlinga i London svinga ho seg over 4,51 i Livermore i California, men under sommarleikane mislukkast ho heilt.

Etter ein noko skadeplaga 2013-sesong, forbetra Stefanídi den personlege rekorden fire gongar, sist til 4,71 m og tangering av den greske stavrekorden, ei veke før europameisterskapen i Zürich. I finalen i Zürich var ho ein av tre deltakarar som stoppa på 4,60 m, men sidan ho tok høgda i andre forsøk, og dei hine to fyrst i tredje forsøk, leia ho tevlinga åleine då russiske Anzjelika Sidorova gjorde seg klar til sitt tredje hopp på 4,65 m. Sidorova fekk klaff og tok gullmedaljen, Stefanídi fekk sølvet.

Vinteren 2015 tok Stefanídi seg over 4,77 m innadørs og ganske nøyaktig eitt år seinare klarte ho 4,90 m i New York City. Den 8. juni 2016 sette ho gresk rekord med 4,86 m i Aten. Ein månad seinare vart ho i Amsterdam europameister og sette meisterskapsrekord med eit hopp på 4,81 m.

 
Medaljevinnarane i stavhopp under EM 2016, frå venstre Lisa Ryzih, Stefanídi og Angelica Bengtsson

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre