Lisbeth Pedersen

norsk friidrettsutøvar

Lisbeth Pedersen (fødd 20. november 1975) er ein norsk tidlegare mellomdistanseløpar som var medlem i Bodø FIK til 2000, frå 2001 IK Tjalve. Ho vart noregsmeister på 800 meter og 1500 meter i 2002 og på 800 m i 2009.

Lisbeth Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1975 (48 år)
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Perioden 2001-04 var Pedersen ei av dei beste norske kvinnene på mellomdistansane. Ho sette i 2001 personbeste med 2.05,42 på 800 m og 4.18,5 på 1500 m, i noregsmeisterskapen kneip ho sølvet på 800 m bak suverene Kristin Roset. Året etter forbetra Pedersen seg til 2.03,58, årsbeste av ei norsk kvinne, og 4.14,3, tida på 800 m ho presterte i Stockholm 17. juli 2002 vart ståande som hennar livsbeste. I NM 2002 vann ho gullmedaljen på så vel 800 meter som 1500 meter og vart tildelt kongepokalen for 800-meterløpet. 7. juni 2003 i Heverlee sprang Pedersen inn til 4.13,3 og livsbeste på 1500 m. Ein 800-meter på 2.04,25 var norsk årsbeste.

Etter 2004 høyrde ho ikkje lenger til noregseliten, men lukkast likevel vinne NM-gull på 800 m i 2009.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 2001 i Drammen: Sølv på 800 m – 2.07,62, bakom Kristin Roset (2.03,64)
  • 2002 i Sandnes: Gull på 800 m – 2.04,43, og 1500 m – 4.16,5
  • 2005 i Fana: Bronse på 800 m – 2,09,7
  • 2009Lillehammer: Gull på 800 m – 2.09,8

Personlege rekordar og årsbeste endre

År 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009
Tid 2.07,06 2.05,42 2.03,58 å 2.04,25 å 2.06,23 2.08,52 - 2.11,19 2.09,60 2.07,52
Tid 4.24,6 4.18,5 4.14,3 4.13,3 4.18,3 4.21,2 - - 4.29,9 4.19,8

Kjelder endre