Little Inferno
dataspel frå 2012
Little Inferno er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Tomorrow Corporation. Spelet kom først ut på Wii U i november 2012, og seinare til Microsoft Windows, OS X, Linux, Android, iOS og Nintendo Switch.[1]
Little Inferno | |||
Utviklar(ar) | Tomorrow Corporation | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Tomorrow Corporation | ||
Distributør | Epic Games Store, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Steam, Google Play, App Store, itch.io | ||
Produsent(ar) | Kyle Gabler | ||
Komponist(ar) | Kyle Gabler | ||
Plattform(er) | Wii U, Microsoft Windows, OS X, Linux, Nintendo Switch | ||
Utgjeving | Wii U NA: 18. november 2012 EU: 30. november 2012 Microsoft Windows 19. november 2012 Nintendo Switch NA: 16. mars 2017 EU: 23. mars 2017 | ||
Sjanger | Hjernetrim | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Nettstad | http://tomorrowcorporation.com/littleinferno |
Little Inferno går føre seg framanfor ein eldstad, der spelaren kan sette fyr på ulike ting, som leiker, dokker og elektronikk. Spelet oppmodar spelaren til å brenne ulike kombinasjonar av tinga for å sjå korleis dei reagerer når dei tek fyr, ettersom dei fleste tinga har unike eigenskapar. Little Inferno var designa som ein satire over liknande dataspel, der spelaren bruker mykje tid på å gjere einsformige handlingar.[2]
Kjelder
endre- ↑ «World of Goo, Little Inferno, and Human Resource Machine will be Switch launch titles». Eurogamer. Henta 16. juli 2019.
- ↑ «ANMELDELSE: Little Inferno». Gamer.no. Henta 16. juli 2019.