Little Roe er ei øy i Yell Sound i Shetlandsøyane i Skottland.

Historie

endre

Namnet på øya har norrønt opphav, frå Rauðey Litla, som tyder «den vesle raude øya».

I 1841 budde det 11 menneske på øya, alle i same huset.[1] Det er bygt ei fyrlykt på øya.

Geografi og geologi

endre

Namnet på øya kjem av den raude granitten ho består av. Øya ligg like aust for Northmavine ved innløpet til Sullom Voe.[2] Lamba ligg i nord og Uynarey, Brother Isle og Bigga mellom øya og Yell

Dyreliv

endre

Det finst ein del oter på øya, og lundefugl og havsvale hekkar her.

Kjelder

endre
  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Gazetteer for Scotland ved Edinburgh University: Kart over Lamba