Liv Kari Eskeland

norsk politikar

Liv Kari Eskeland (fødd 21. mai 1965) var ordførar i Stord kommune frå 2007 til 2015. Ho representerer Høgre, som fekk ordførarvervet gjennom eit valteknisk samarbeid med Venstre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Demokratane.

Liv Kari Eskeland

Fødd21. mai 1965 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • ordførar i Stord (2007–2015)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2017–2021)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Eskeland var ikkje politisk aktiv før valkampen i 2007. Før ho vart ordførar, var ho avdelingssjef i arkitektfirmaet Link-signatur på Stord.

Ho var vararepresentant nr. 6 til Stortinget for Hordaland 2009-2013 og nr. 5 2013-2017. I stortingsperioden 2017-2021 er ho vararepresentant nr. 1 og møter fast som representant for Erna Solberg frå 1. oktober 2017.[1]

Kjelder endre