Liv Tomter

norsk politikar

Liv Tomter (27. august 190113. november 1978) var ein norsk småbrukar og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet.[1]

Liv Tomter
Fødd27. august 1901
Hakadal
Død13. november 1978 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnBerit Tomter Aulie
Alle verv

Bakgrunn endre

Tomter vart fødd i Hakadal[2] i Akershus, som dotter av læraren Andreas Haugen og Anna Ellevine Kopperud. Etter skulegang på Lier fylkesskole i 1919, gjekk ho vidare på husmorskolen i Buskerud, og deretter på M. Schønbergs lærerinneskole i husstell i Oslo. Frå 1922 til 1925 arbeidde ho som husstellærer i Vestre Slidre, før ho tok eit lærerinnekurs ved Industriskulen i Oslo i 1926, og deretter arbeidde to år som lærer i husstell og handarbeid ved ein privat husmorskole i Ringerike.[1] I 1928 flytta ho til Nes kommune, der ho saman med mannen sin dreiv opp ein husmannsplass til eit gardsbruk, samstundes som ho deltok aktivt i lokalpolitikken for Arbeidarpartiet.[3]

Politikk endre

I 1928 vart Tomter med i styret i Årnes arbeiderkvinnelag, der ho vart formann i 1935. I 1935 vart ho òg formann for Nes husmorskole og Husstellnemnda i Nes, og dessutan varaformann for Nes pleiehjem.[1]

Etter andre verdskrig kom Tomter med i rikspolitikken, då ho vart vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiets 1. vararepresant frå Akershus.Trygve Lie vart oppnemnt som SNs generalsekretær 1. februar 1946, rykte Tomter opp som fast representant.[3] Ho vart attvald i fire påfølgjande periodar, og sat til saman på Stortinget i 20 år. Heile tida var ho medlem av Landbrukskomiteen, og skal ha vore ein god talskvinne for likestillinga til jordbruket og andre næringar. Spesielt kjend vart ho for den store innsatsen sin for å løyse vassforsyningsproblema på bygdene. I 1946 starta ho arbeidt med å leia ein komite som arbeidde med å løysa problema, og det var ikkje minst innsatsen hennar som bidrog til at tusenvis av heimar på bygdene fekk innlagt vatn.[3][4]

Liv Tomter døydde i 1978, og vart gravlagt på Årnes.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Liv Tomter». Stortinget.no. 
  2. «Liv Tomter 70 år». Aftenposten: 9. 27. august 1971. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Minnetavle over Liv Tomter». Aftenposten: 25. 23. november 1978. 
  4. «Bedre vannforsyning på landsbygda». Aftenposten: 4. 7. november 1946. 
  5. Søk etter « Liv Tomter» hos DIS-Norge.