Live/Dead
Konsertalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 10. november 1969
Innspelt 26. januar – 2. mars 1969
Sjanger Psykedelisk rock, jam rock
Lengd 1:15:07
Selskap Warner Bros.-Seven Arts
Produsent Grateful Dead
Bob Matthews
Betty Cantor
Grateful Dead-kronologi 
Aoxomoxoa
(1969)
Live/Dead Workingman's Dead
(1970)


Live/Dead er det første offisielle konsertalbumet av rockebandet Grateful Dead. Det vart spelt inn i løpet av ei rekkje konsertar tidleg i 1969 og gjeven ut seinare same året. Det var det første rockekonsertalbumet som vart spelt inn med ein 16-sporsopptakar.

I 2005 vart spora «Dark Star», «St. Stephen», «Death Don't Have No Mercy», «Feedback» og «We Bid You Goodnight» utgjevne, i den originale rekkjefølgja og med ein ny miks, på platene som dekka høvesvis konsertane 27. februar 1969 og 2. mars 1969 på Fillmore West 1969: The Complete Recordings. «Feedback» og «We Bid You Goodnight» kom òg ut på den tredoble plata Fillmore West 1969.

Innspeling endre

For å dekkje inn gjelda dei hadde opparbeidd seg med plateselskapet med det siste albumet Aoxomoxoa, og for å oppfylle platekontrakten sin, valde bandet å gje ut eit konsertalbum. Dei ønskte òg å gje ut eit album som betre representerte musikken til bandet, i motsetnad til studioeksperimenta dei hadde gjort på dei førre albuma. Lydmannen til bandet, Owsley «Bear» Stanley, spurte elektroingeniøren Ron Wickersham om å skape ein mikrofonsplittar som sende signala både inn i høgtalaranlegget og innspelingseininga, utan at det gjekk utover kvaliteten.[1] Songane vart spelte inn med ein Ampex 16-sporsmaskin.[2]

I motsetnad til dei seinare åra, varierte setlista til the Dead lite i 1969. Dei improviserte medleyen «Dark Star»/«St. Stephen»/«The Eleven» fleire gonger i veka. «Dark Star/St. Stephen» vart henta frå konserten 27. februar 1969 på Fillmore West; «The Eleven» og «Turn On Your Love Light» var frå 26. januar 1969 i Avalon Ballroom; «Death Don't Have No Mercy», «Feedback» og «And We Bid You Goodnight» vart spelte inn 2. mars 1969 i Fillmore West.

To songar var tidlegare gjevne ut. «St. Stephen» var med på Aoxomoxoa og «Dark Star» var gjeven ut som singel. «The Eleven» fekk dette namnet på grunn av den uvanlege 11/8-delstakten.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Rolling Stone(positiv)[4]
Robert ChristgauA+[5]

Albumet fekk særs gode meldingar av kritikarane og Robert Christgau skreiv at det «inneheld nokre av dei beste rockeimprovisasjonane som nokon gong er spelt inn»[5] og AllMusic skreiv at «få innspelingar har nokon gong representert essensen av ein artist like oppriktig som Live/Dead».[3]

Ettermæle endre

Trommeslagaren Bill Kreutzmann sa «Det var det første konsertalbumet vårt og er framleis eit av våre høgast akta album. Det som gjorde det bra var at det tok dei gode 'du-måtte-vere-der'-versjonane av songar som 'Dark Star' og 'The Eleven' og sette dei i stovene til folk.»[6]

I 2003 vart albumet rangert på 244. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og i 2012 var det flytta ned til 247. plassen.[7]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
1.«Dark Star» (Garcia, Hart, Hunter, Kreutzmann, Lesh, McKernan, Weir)27. februar 1969, Fillmore West23:18
Side to
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
2.«St. Stephen» (Garcia, Hunter, Lesh)27. februar 1969, Fillmore West6:31
3.«The Eleven» (Hunter, Lesh)26. januar 1969, Avalon Ballroom9:18
Side tre
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
4.«Turn On Your Love Light» (Deadric Malone, Joseph Scott)26. januar 1969, Avalon Ballroom15:05
Side fire
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
5.«Death Don't Have No Mercy» (Reverend Gary Davis)2. mars 1969, Fillmore West10:28
6.«Feedback» (Constanten, Garcia, Hart, Kreutzmann, Lesh, McKernan, Weir)2. mars 1969, Fillmore West7:49
7.«And We Bid You Goodnight» (Traditional, arr. av Grateful Dead)2. mars 1969, Fillmore West0:35
Bonusspor på 2001/2003-utgåva
Nr.TittelLengd
8.«Dark Star (singelversjon)» (Garcia, Hunter)2:45
9.«Live/Dead radio promo»1:01

Medverkande endre

Grateful Dead
Produksjon
  • Produsert av Grateful Dead, Bob Matthews, Betty Cantor
  • Leiande lydteknikar: Bob Matthews
  • Lydteknikar: Betty Cantor
  • Rådgjevnade lydteknikarar: Owsley, Ron Wickersham
  • Lyd: Bear
  • Kunstnarisk leiar: Ed Thrasher
  • Plateomslag: R.D. Thomas

Salstal og sertifiseringar endre

År Liste Plassering
1970 Billboard 200 64[8]
Sertifisering Dato
Gullalbum 24. august 2001[9]

Kjelder endre

  1. Phil Lesh: Searching for the Sound by Phil Lesh, Little, Brown and Company, 2005, pg. 142.
  2. Grateful Dead: The Illustrated Trip. Jake Woodward, et al. Dorling Kindersley Limited, 2003, pg. 104.
  3. 3,0 3,1 Planer, Lindsay. «Live/Dead». AllMusic. Henta 30. mai 2019. 
  4. Kaye, Lenny (7. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (51): 44. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 21. mai 2017. 
  5. 5,0 5,1 Grateful Dead
  6. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 7. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  7. 500 Greatest Albums: Live/Dead Arkivert 2012-05-23 ved Wayback Machine. at rollingstone.com
  8. «Grateful Dead Chart History – Billboard 200». Billboard. Henta 30. mai 2019. 
  9. «RIAA Gold & Platinum database-Live Dead». Henta 28. februar 2009.