Lizz Wright

amerikansk musikar

Lizz Wright (fødd 22. januar 1980) er ein amerikansk songar av jazz og gospel.

Lizz Wright

Fødd22. januar 1980 (44 år)
FødestadHahira
OpphavUSA
Aktiv2003–
Sjangerrhythm and blues, jazz, folkemusikk
Instrumentvokal
Stemmetypealt
PlateselskapVerve Records
Verka somsongar, komponist, jazzmusikar, musikar

Wright vart fødd i Hahira i Georgia i USA. Ho voks opp som prestedotter, og kom tidleg i kontakt med gospelmusikk. Då ho var 14 år hadde ho lært seg å spela piano, og byrja å spela i kyrkja til faren. I 1996 vann ho National Choral Award for innsatsen sin i kormusikk på Houston County High School.

Ho studerte song ved Georgia State University i Atlanta, og byrja hovudsakleg å synga jazz.[1] Seinare har ho studer ved The New School i New York[2] og i Vancouver i Canada.

Wright blei med i vokalkvartetten In the Spirit frå Atlanta i 2000. I 2002 skreiv ho kontrakt med Verve Records. Det første albumet hennar Salt kom ut i 2003.[3] Det inneheldt coverlåtar og fem sjølvskrivne songar. Stilen og karrieren hennar har leia til samanlikningar med Norah Jones.[1]

I 2006 vitja Wright Nasjonal jazzsceneCosmopolite, Bergen jazzforum, Vossajazz og Kongsberg Jazzfestival.

Diskografi

endre
  • Salt (2003)
  • Dreaming Wide Awake (Verve Forecast, 2005)
  • The Orchard (Verve Forecast, 2008)
  • Fellowship (Verve Forecast, 2010)
  • Freedom & Surrender (Concord, 2015)
  • Grace (Concord 2017)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Rizik, Christopher (2003–2010). «Lizz Wright Biography». SoulTracks.com. Henta 20. april 2020. 
  2. "Lizz Wright" Arkivert 2016-08-17 ved Wayback Machine., JazzTimes.
  3. "Salt", Billboard, May 24, 2003.