Leeuwarden

(Omdirigert frå Ljouwert)

Leeuwarden (vestfrisisk Ljouwert) er ein kommune og by nord i Nederland i provinsen Friesland der han òg er administrasjonssenter.

Leeuwarden
Flagget til Leeuwarden Byvåpenet til Leeuwarden
Flagget til Leeuwarden Byvåpenet til Leeuwarden


Plassering
Plassering av Leeuwarden
Plassering av Leeuwarden
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Friesland
Borgarmeister Ruud Vreeman
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

84,11 km²
  80,78 km²
  3,33 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2014)
   - folketettleik

108,085
  1 285/km²
Koordinatar 53°12′N 5°47′E / 53.200°N 5.783°E / 53.200; 5.783
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.leeuwarden.nl

Historie endre

Området har vore busett sidan 900-talet og Leeuwarden fekk byrettar i 1435. Ved breidda av Middelzee var han eit aktivt handelssenter fram til vassvegen tørka opp på 1400-talet.

Under den andre verdskrigen styrta kanadiske troppar inn i byen 15. april 1945, og braut dermed direkte ordrar. Dei dreiv ut tyskarane frå den sterkt okkuperte byen dagen etter.

Av kjende personar som er fødd i Leeuwarden finn ein statthaldar Vilhelm IV av Oranien, kunstaren M.C. Escher, og spionen Mata Hari.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Leeuwarden frå Wikivoyage