Opna hovudmenyen

Ljudmila Kondratjeva (fødd 11. april 1958) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sjakhty som tevla for Sovjetunionen på sprintdistansane. Ho van to gullmedaljar i EM 1978 og OL-gull på 200 meter i 1980.

Ljudmila Kondratjeva
Fødd 11. april 1958
Sjakhty
Yrke sprinter

AktivEndra

Kondratjeva fekk sitt store gjennombrot i europameisterskapen 1978 i Praha. Ho vart europameister på 200 meter, framom austtyske Marlies Göhr. To dagar etter ho vann gull på 200 m, sprang Kondratjeva tredjeetappen for Sovjetunionen sitt vinnarlag i 4x100 meter stafett.

Like før OL 1980 på heimebane i Moskva sprang ho 100 m på 10,87 sekundar, betre enn den offisielle verdsrekorden. I OL-finalen på 100 m lukkast ho å ta gullmedaljen med minst mogleg margin, tida 11,06, mot Marlies Göhrs 11,07. Ein skade hindra henne i å delta på 200 meter og i stafett.

Kondratjeva var tilbake i eit stort meisterskap i Seoul i 1988. I sommarleikane var slått ut av 100 meter i semfinalane, men fekk ein bronsemedalje på kortstafetten med Sovjetunionen.

KjelderEndra