Opna hovudmenyen

Marlies Göhr (fødd Marlies Oelsner21. mars 1958) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Gera i Thüringen, som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart to gongar olympisk meister og to gongar verdsmeister, samt fem gongar europameister. Göhr sigra i fire tevlingar i verdscupen og tolv gongar i europacupen. Til saman vann ho ti nasjonale meistertitlar på 100 meter og to på 200 meter.

Marlies Göhr

Bundesarchiv Bild 183-T0528-0005, Marlies Göhr-Ölsner.jpg
Marlies Göhr i 1978

Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 21. mars 1958
Gera i Thüringen i Aust-Tyskland
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Den 1. juli 1977 sprang ho, som Marlies Oelsner, hundremeteren på 10,88 sekundar og vart dermed den fyrste kvinna som kom under 11 sekundar på distansen. Etter ho tangerte rekorden i juli 1982 i Dresden, forbetra Göhr sin eigen verdsrekord til 10,81 sekundar ved eit stemne i Aust-Berlin 8. juni 1983, hardt pressa av Marita Koch som fekk 10,83 i slutttid. Denne siste rekorden vart ståande i berre nokre veker, etter som Evelyn Ashford frå USA forbetra verdsrekorden til 10,79 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • Sommar-OL 1976 i Montreal: Gullmedalje 4 x 100 m stafett (42,55). Nr 8 på 100 m – 11,34
  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje 100 m – 11,13, sølvmedalje 200 m – 22,53, bronsemedalje 4 x 100 m stafett (43,07)
  • Sommar-OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje 100 m – 11,07. Gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,60)
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje 100 m – 11,01 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (42,19)
  • VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje 100 m – 10,97 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,76)
  • EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje 100 m – 10,91 og gullmedalje 4 x 100 m stafett (41,84)
  • VM 1987 i Roma: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett (41,95). Utslått i semifinalane på 100 m
  • Sommar-OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett (41,95). Utslått i semifinalane på 100 m

KjelderEndra