Llámame av Wrs

song frå 2022 med WRS
«Llámame»
Song av Wrs

Land Romania
Språk Engelsk, spansk
Utgjeve 10. februar 2022
Sjanger Elektropop, latinopop
Lengd 03:04
Selskap Global Records
Låtskrivar(ar) Andrei Ursu, Cezar Gună, Alexandru Turcu, Costel Dominteanu

«Llámame» (spansk for 'ring meg') er ein elektropopsong frå 2022 med den rumenske songaren Wrs (uttalt ors). Songen vann den rumenske songtevlinga Selecția Națională 2022, og var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen

endre

«Llámame» er skriven av Wrs sjølv, saman med Cezar Gună, Alexandru Turcu og Costel Dominteanu. Songen har både engelsk og spansk tekst. Han vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 10. februar 2022.

Wrs og låtskrivarteamet sende songen inn til TVR si songtevling Selecția Națională 2022, det rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022. Av til saman 94 innsende bidrag, plukka ein fagjury ut «Llámame» og 44 andre låtar til å delta i songtevlinga.[1][2] Gjennom fleire kvalifiseringsrundar tok «Llámame» seg til finalen i București laurdag 5. mars.[3][4]

I finalen deltok ti låtar, og «Llámame» vart til slutt kåra til vinnar etter å ha vunne juryavrøystinga og komme på andreplass i telefonavrøystinga.[5] Gjennom sigeren vart «Llámame» det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

I Eurovision Song Contest deltok «Llámame» i den andre semifinalen torsdag 12. mai. «Llámame» vart nummer 9 i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai.[6] I finalen vart han nummer 18 av 25 med 65 poeng.[6]

På grunn av den spanske tittelen på songen og fleire spanske strofer, vart «Llámame» populær i Spania etter Eurovision, særleg på sosiale medium.[7]

Listeplasseringar

endre
Liste (2022) Høgaste
plassering
  Hellas (IFPI)[8] 73
  Island (Plötutíðindi)[9] 33
  Litauen (AGATA)[10] 15
  Nederland (Single Tip)[11] 23
  Romania (Billboard)[12] 3
  Romania Airplay (UPFR)[13] 1
  Spania (PROMUSICAE)[14] 91
  Storbritannia (UK Download (OCC))[15] 59
  SUS (TopHit)[16] 89
  Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[17] 10
  Tyskland (Nedlastning – Offizielle Deutsche Charts)[18] 52

Kjelder

endre
  1. «94 de artiști vor să reprezinte România la Eurovision 2022, Torino, Italia». eurovision.tvr.ro (på rumensk). Henta 16. mars 2022. 
  2. Granger, Anthony (23. desember 2021). «🇷🇴 Romania: Selectia Nationala 2022 Semi-Finalists Announced». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mars 2022. 
  3. Granger, Anthony (7. februar 2022). «Romania: Anca Mazilu & Bogdan Stănescu to Host Selectia Nationala Semi-Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 8. februar 2022. 
  4. Golightly, Thomas (12. februar 2022). «Romania: Selecţia Naţională Semi-Final Results». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2022. 
  5. «WRS wins Selectia Nationala 2022 and will represent Romania at Eurovision with “Llámame”». wiwibloggs (på engelsk). 5. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  6. 6,0 6,1 «WRS - Romania - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 16. mars 2022. 
  7. «Llámame, Llámame! wrs goes viral in Spain and sings on prime time television». wiwibloggs (på engelsk). 31. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  8. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 20/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. 29. mai 2022. Arkivert frå originalen 30. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  9. «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 25. mai 2022. Henta 23. september 2022. 
  10. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 19. juni 2022. 
  11. «WRS - LLÁMAME – dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Dutch Charts. Henta 19. juni 2022. 
  12. Cusson, Michael (15. februar 2022). «Romania Songs». Billboard (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  13. «Top 10 din 100 cele mai difuzate piese pentru saptamana 34» [Top 10 out of the 100 most-broadcast songs for the week 34] (på rumensk). Uniunea Producătorilor de Fonograme din România. 23. august 2022. Henta 2. september 2022. 
  14. «spanishcharts.com - Spanish charts portal». spanishcharts.com. Arkivert frå originalen 23. desember 2010. Henta 19. juni 2022. 
  15. «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 26. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  16. «CIS Airplay Chart for 2022-08-26». TopHit. Henta 15. september 2022. 
  17. «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 19. juni 2022. 
  18. «Offizielle Download Charts Single - Musik Charts». MTV Germany (på tysk). Arkivert frå originalen 24. mai 2022. Henta 19. juni 2022.