Ynys Llanddwyn

(Omdirigert frå Llanddwyn Island)

Koordinatar: 53°8′31″N 4°24′29″W

Strand på Llanddwyn.
Loshytter på Llanddwyn.

Ynys Llanddwyn eller Llanddwyn Island er ei lita tidvassøy vest for Anglesey nord i Wales. Den næraste byen er Newborough.

Geografi og geologiEndra

Ynys Llanddwyn har ein særs interessant geologi med putelava, jaspisformasjonar og eoliske sandavleiringar. Øya er ein del av det nasjonale naturreservatet Newborough Warren, som omfattar eit stort og planterikt sanddynesystem.

Llanddwyn er ikkje alltid ei øy og er landfast med fastlandet bortsett frå ved høgvatn. Frå øya har ein flott utsyn til Snowdonia og Llŷnhalvøya.

 
Dwynwen-kyrkja på Llanddwyn.
 
Det gamle fyret med Snowdonia i bakgrunnen.

St. DwynwenEndra

Øya er rik på segner og særleg dei tilknytte helgenen Dwynwen. Namnet «Llanddwyn» tyder «Dwynwen-kyrkja». Dwynwen er ein walisisk vernehelgen for kjærleik og svarar til heilage Valentin. Helgendagen hennar er 25. januar og denne vert ofte feira i Wales med kort og blomar.

FyrEndra

Fyret på øya markerer det vestlege innløpet til Menaisundet.

Tårnet er tilspissa på ein måte som er karakteristisk for vindmøllerAnglesey. Det er 10,7 meter høgt og 5,5 meter i diameter. Det kan ha vorte bygt av ein murar frå Anglesey og det er mogeleg at tårnet ein gong har vore ein vindmølle.

Eit mindre, kjegleforma tårn med ein kuppel på toppen, står nordaust for det andre fyret og kan vere eit eldre bygg. Veggane er 2 meter i radius og 0,91 meter tjukke.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra