Llyn Cwellyn (Llyn Quellyn i eldre tekstar) er eit reservoar i Nord-Wales som gjev drikkevatn til delar av Gwynedd og Anglesey. Det ligg på Afon Gwyrfai i Nant y Betws mellom Snowdon Massif og Mynydd Mawr nord i Snowdonia nasjonalpark. Det har eit areal på 87 hektar og er over 37 meter på det djupaste. I sørenden ligg den vesle landsbyen Rhyd Ddu.

Llyn Cwellyn
innsjø
frå Mynydd Mawr
Land  Wales
Innsjøtype reservoar
Areal 0,87 km²
Største djupn 37 m
Koordinatar 53°4′20″N 4°9′6″W / 53.07222°N 4.15167°W / 53.07222; -4.15167
Byar Rhyd Ddu
Kart
Llyn Cwellyn
53°04′20″N 4°09′06″W / 53.072222222222°N 4.1516666666667°W / 53.072222222222; -4.1516666666667
Wikimedia Commons: Llyn Cwellyn

Sjølv om han no er demd opp i nordenden, nedanfor Castell Cidwm-ryggen, nær landsbyen Betws Garmon, har ikkje det auka storleiken på den naturlege innsjøen. Innsjøen er særs djup og er ein av få innsjøar i Wales som har ein naturleg bestand av arktisk røye. Det finst òg bekkeaure og oter i innsjøen. Innsjøen er eigd av Lawrence Jones, eigaren av Castell Cidwm estate i nordenden, og Welsh water. Innsjøen var opphavleg eigd av markisen av Anglesey som nytta Castell Cidwm som jakthus.

Vegen A4085 går langs innsjøen. Austsida vert i dag rekna som eit naturreservat, og det er restriksjonar på fiske i innsjøen.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Llyn Cwellyn» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2010.
  • The lakes of Eryri av Geraint Roberts. Gwasg Carreg Gwalch, Llanrwst, 1995.
  • Snowdonia, National Park Guide Number 2, edited Edmund Vale, HMSO 1958/1960 (s. 74)

Bakgrunnsstoff endre

 
Panorama av Llyn Cwellyn. Mynydd Mawr (Big Mountain) til venstre