Opna hovudmenyen

Lo kyrkje

kyrkje på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim

Koordinatar: 63°25′7.5540″N 10°21′21.035″E

Lo kyrkje
kyrkje
Lo kirke 01.jpg
Foto: Cato Edvardsen
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 1615
Kyrkjegard Nei
Sitjeplassar 70
Wikimedia Commons: Lo Kirke

Lo kyrkje er ei trekyrkje som opphavleg blei bygd ved Lo inst i Lofjorden i Åsen i dagens Levanger kommune i Nord-Trøndelag. Kyrkja vart riven i 1856 og flytta til Saltøy i 1859. Der vart ho brukt som sjøhus inntil ho vart kjøpt av stiftarane av Trøndelag Folkemuseum ved Kristian Moen med fleire i Trondheim i 1909][1] Kyrkja vart bygd opp att på området til Folkemuseet i 1921 og ført attende til opphavleg tilstand. Trøndelag Folkemuseum ligger på Sverresborg i Trondheim.

FotnotarEndra

  1. Brev frå Kristian Moen til grunneigar på Saltøy, Johan L. Fløan, datert 24. juli 1909.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra