Loch Lochy
Loch Lochy (skotsk-gælisk Loch Lochaidh) er ein stor innsjø i Lochaber i Highland i Skottland. Med ei middeldjupne på 70 meter er han den tredje djupaste innsjøen i Skottland.
Loch Lochy | |||
innsjø | |||
Utsyn frå A82
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Tilsig | River Lochy | ||
Utløp | Caledonian Canal | ||
Lengd | 16 km | ||
Areal | 16 km² | ||
Middeldjupn | 70 m | ||
Største djupn | 162 m | ||
Volum | 1,1 km³ | ||
Koordinatar | 56°58′07″N 4°54′38″W / 56.96861°N 4.91056°W | ||
Loch Lochy 56°58′07″N 4°54′38″W / 56.968611111111°N 4.9105555555556°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Lochy |
Geografi
endreInnsjøen ligg 16 km sørvest for Loch Ness langs Great Glen og er over 15 km lang med ei breidd på kring 1 km. River Lochy renn ut i sørvestenden, medan Caledonian Canal går frå nordaustenden til Loch Oich.
Historie
endreSlaget ved Kinloch-Lochy fann stad ved nordenden av innsjøen, nær Laggan i juli 1544, mellom Donald-klanen og Fraser-klanen.[1]
Stillingskrigen ved Fords of Arkaig i september 1665 enda ein 360 år lang strid mellom Cameron-klanen og Chattan-konføderasjonen. Han fann stad nær Achnacarry, på eidet mellom Loch Lochy og Loch Arkaig.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Lochy» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Gazetteer for Scotland Loch Lochy
- Kart over Loch Lochy[daud lenkje]
- ↑ Appleton's European guide book for English-speaking travellers, bind 1 s. 92 (1886)