Loch Sunart
Loch Sunart (skotsk-gælisk Loch Shuaineart) er ein sea loch eller ein fjord på vestkysten av Skottland. Loch Sunart går vestover og grenser i nord til Laga-bukta og distriktet Sunart i Ardnamurchan og i sør til distriktet Morvern. Fjordarmen Loch Teacuis går søraustover i Morvern.
Loch Sunart | |||
fjord | |||
Utsyn sørover Loch Sunart til Morvern.
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Loch Sunart 56°42′00″N 5°45′25″W / 56.7001°N 5.7569°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Sunart |
Med ei lengd på 31 km er han den lengste fjorden i regionen Highland. Den største djupna er 124 meter aust for Càrna ved innløpet til Loch Teacuis. Andre øyar i fjorden er Oronsay, utanfor Càrna, Risga, som ligg mellom dei to større øyane og Eilean Mòr, som ligg lenger inne i fjorden ovanfor Beinn Resipol.
Ein stor del av fjorden vert nytta til fiskeoppdrett, opphavleg berre laks, men etter kvart eit større mangfald av fiskeartar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Sunart» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Loch Sunart på Gazetteer for Scotland
- Loch Sunart Aquaculture Framework Plan Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine. (Highland council report)