Ein loddebolt er eit verktøy som blir bruka til å mekanisk og elektrisk binde saman to metalliske overflater. Denne prosessen blir kalla lodding.

Bruk av loddebolt.

Verkemåte endre

Ein loddebolt er eit pennforma verktøy der spissen ved bruk har ein temperatur på rundt 250-450  C. Ein brukar den varme spissen til å varme opp overflatene som skal forbindast, og tilfører deretter loddetinn. Loddetinnet smelter ved kontakt med den varme loddebolten, og legg seg mellom/på overflatene. Når ein fjernar loddebolten, stivnar loddetinnet, og ein har ei samankopling.

I loddetinnet er det ei syre og litt voks/harpiks. Når tinnet blir varma opp reingjer syra og harpiksen metallflatene og fjernar korrosjon som kan vere årsak til dårleg kontakt og dårleg mekanisk styrke. Ved høg nok temperatur vil syra og harpiksen kome ut på overflata av metallflatene og fjerne ureiningar frå metalloverflatene.

Loddebolten blir vanlegvis varma opp ved hjelp av elektrisk energi frå elnettet, som har ei driftsspenning på 230 V, men det finst òg loddeboltar drivne av gass eller batteri.

Det er vanleg med temperaturregulering av spissen på loddebolten.

Bruksområde endre

Det største bruksområdet er innan elektronikkproduksjon, der ein ved lodding fester komponenter til kretskort. I privat samanheng er det vanleg å bruke loddebolt til å skøyte leidningar og liknande. I nokre tilfelle blir lodding også bruka som eit alternativ til sveising, i produksjon/reparasjon av smykke, diverse småreparasjonar og så bortetter.

Kaldlodding endre

Dersom kontaktpunkta ikkje blir varma godt nok opp før ein tilfører loddetinn, får ein ei kaldlodding. Loddetinnet får ei matt overflate, truleg fordi det blir danna krystalliknande sprekkar i tinnet. Dersom dei to metallflatene som skal loddast rører på seg medan loddinga blir avkjølt, aukar faren for krystalldanning. Ei slik lodding vil føre til at loddetinnet ikkje herder godt nok, og i verste fall kan kontaktpunkta lausne frå kvarandre. Ein annan konsekvens kan vere høg overgangsmotstand, ustabil elektrisk kontakt, restar av flussmiddel inne i loddinga, etc.

Automatisert produksjon endre

Tidlegare føregjekk industri av kretskort manualt ved at tilsette montert komponentane for hand og lodda veh hjelp av loddebolt. I dag vert denne jobben utført av monteringsrobotar og automatiserte loddestasjonar.

Kjelder endre

Sjå òg endre