Lodi av Creedence Clearwater Revival

Lodi
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Green River
A-side

«Bad Moon Rising»

Språk engelsk
Utgjeve April 1969
Innspelt Mars 1969 i Wally Heider's Studio i San Francisco i California
Sjanger Roots-rock, swamp-rock, countryrock
Lengd 2:21
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty

«Lodi» er ein song av John Fogerty og framført av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Han vart spelt inn i mars 1969 og kom ut i april, fire månader før albumet, som B-sida til «Bad Moon Rising», den første singelen frå Green River.[1]

Songen skildrar ein avdanka musikar som har enda opp i småbyen Lodi (uttalt «low-die»), ein liten jordbruksby i Central Valley kring 110 km frå heimstaden til Fogerty i Berkeley. Etter å ha spelt i lokale barar er forteljaren stranda utan råd til buss eller tog til å komme seg av stad.[1] Fogerty sa seinare at han aldri faktisk hadde vitja Lodi før han skreiv songen, og berre valde staden fordi «namnet høyrtes så kult ut».[2] Songen refererer til byen som ein uinteressant jordbruksby, sjølv om forteljaren ikkje nemner spesifikt kva som er gale med staden. Refrenget i songen «Oh Lord, stuck in Lodi again», har vore temaet for fleire hendingar i Lodi sidan.

Andre versjonar endre

Songen har vorte spelt av mange andre musikarar som Emmylou Harris, Tom Jones, Bo Diddley, Buck Owens, The Flying Burrito Brothers, Ronnie Hawkins, Smokie, Dan Penn og The Blue Aeroplanes.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Janovitz, Bill. «Lodi». Allmusic. Henta 17. august 2013. 
  2. Farrow, Ross. «Residents are proud to be ‘Stuck in Lodi’». Lodi News-Sentinel. Arkivert frå originalen 31. oktober 2006. Henta 17. august 2013. 
  3. «Lodi - Search Results». Allmusic. Henta 17. august 2013. 

Bakgrunnsstoff endre