Lodi i Italia

kommune i Italia

Lodi er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lodi i regionen Lombardia og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre sida av elva Adda.

Lodi
by
Piazza della Vittoria i Lodi
Flagg
Våpenskjold
Land  Italia
Region Lombardia
Provins Lodi
Areal 41,38 km²
Folketal 44 709  (1. januar 2023)
Borgarmeister Lorenzo Guerini
Postnummer 26900
Retningsnummer 0371
Kart
Lodi i Italia
45°19′00″N 9°30′00″E / 45.316666666667°N 9.5°E / 45.316666666667; 9.5
Wikimedia Commons: Lodi (Italy)

Historie

endre

Byen var ein keltisk landsby før romarane kom til området. Romarane kalla staden Laus Pompeia (truleg til ære for konsul Gnaeus Pompeius Strabo). Han var ein viktig stad sidan to romarvegar møtte kvarandre her.

Han vart eit bispesete og den første biskopen den heilage Bassianus (San Bassiano), (319-409), er vernehelgenen til byen. Byen vart ein fri kommune rundt år 1000 og stod lenge imot Milano som øydela byen 24. april 1158. Fredrik Barbarossa bygde byen opp att der byen ligg i dag.

Frå 1220 byrja innbyggjarane å lage kanalar til å gje vatn til landsbygda kring og dette gjorde tørre område om til eit av dei viktigaste jordbruksområda i regionen, noko det er sjølv i dag. Lodi vart etter kvart styrt av Visconti-familien, som bygde ei borg i byen.

I 1423 gav motpave Johan XXIII ut sin bolla frå Lodi der han kalla saman til rådet i Konstanz (slutten av Det store skismaet). I 1454 møttest representantar frå alle regionar i Italia i Lodi for å signere avtalen kalla freden i Lodi, der planen var å arbeide mot eit samla Italia, men freden varte berre i 40 år. Byen vart så styrt av Sforza-familien, Frankrike, Spania og Austerrike. I 1786 vart han hovudstad i ein provins med same namn som inkluderte Crema.

10. mai 1796 stod slaget ved Lodi, som var det første viktige slaget Napoleon Bonaparte vann. Han slo austerrikarane i ved Adda og gjekk seinare mot Milano. Dette er årsaka til at ein i mange byar i Frankrike finn gater som er tileigna den kjende brua (t.d. i Paris der ein finn gata Rue du Pont de Lodi).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Lodi i Italia