Huset Visconti
Huset Visconti var ein adelsfamilien i Italia i høgmellomalderen. Dei hadde opphavet sitt i Republikken Pisa på midten av 1100-talet. Dei sprang først fram i Pisa, så på Sardinia, der dei vart herskarar av Gallura, og til slutt i Milano, som dei er mest kjend for.
Visconti av Pisa og Sardinia
endreDen første kjende Visconti i Pisa var Alberto, som hadde tittelen aristokrat. Alberto sin son Eldizio hadde titlane aristokrat og konsul frå 1184 til 1185. Det var sønene til Eldizio, Lamberto og Ubaldo I, som førte familien til makta i Pisa og Sardinia. Begge hadde tittelen aristokrat og fungerte som ein podestà.
I 1212 var det totalt anarki i Pisa då forskjellige grupper, både for og imot Visconti, kjempa om den politiske makta. I midten av januar 1213 leia Vilhelm I av Cagliari ein koalisjon av styrkar som var mot Visconti til siger i eit slag nær Massa over den kombinerte styrken til Lucca og Visconti under Ubaldo. Etter dette vart makta i Pisa delt mellom fire rektorar og ein av desse var frå Visconti-familien. Visconti av Sardinia heldt fram å ta del i det politiske livet i Pisa til slutten av hundreåret, men makta deira der vart kraftig svekka etter 1213.
På Sardinia hadde Eldizio gifta seg med dotter til Torchitorio III av Cagliari, som vart mor til Lamberto og Ubaldo. I 1207 gifta Lamberto seg med Elena, arvingen til Barisone II av Gallura og slik sikra dei kontrollen over det nordaustlege hjørnet av Sardinia med hovudstaden hans i Civita. I 1215 oppretta han og Ubaldo hegemoniet sitt over Giudicato av Cagliari sør på øya i tillegg. Gjennom ekteskapa sine sikra Lamberto sin son, Ubaldo II, og sikra makta i Logudoro ein periode. På midten av hundreåret var styret til Pisa på Sardinia utan motstand på grunn av Visconti, som gjennom ekteskap var allierte med andre mektige familiar i Pisa (Gherardeschi og Capraia) og Sardinia (Lacon og Bas-Serra).
Visconti av Gallura nytta ein hane som symbolet sitt (Gallura tyder «landet til hanane»), medan Visconti i Milano nytta ein slange.
Visconti-herskarar av Gallura
endreVisconti av Milan
endreOttone tok Visconti til makta i Milano etter å ha kjempa om kontrollen med rivalane i Della Torre-familien i 1277. Visconti-familien styrte Milano fram til tidleg i renessansen, først som herrar, og frå 1395 som hertugar. Visconti sitt styre i Milano enda då Filippo Maria Visconti døydde i 1447. Han vart etterfølgt, etter ein kortvarig republikk, av svigersonen sin Francesco I Sforza, som byrja ein periode for byen under Huset Sforza.
Visconti-herskarar i Milano
endre- Ottone Visconti, erkebiskop i Milano (1277–1294)
- Matteo I Visconti (1294–1302; 1311–1322)
- Galeazzo I Visconti (1322–1327)
- Azzone Visconti (1329–1339)
- Luchino I Visconti (1339–1349)
- Bernabò Visconti (1349–1385)
- Galeazzo II Visconti (1349–1378)
- Matteo II Visconti (1349–1355)
- Gian Galeazzo Visconti (1378–1402) {første hertug av Milano og nevø av Bernabò Visconti}
- Giovanni Maria Visconti (1402–1412)
- Filippo Maria Visconti (1412–1447)
Familietreet til Visconti av Milano
endreEtterfølgjarane til Uberto Visconte ( † midten av 1200-talet) |
|
Visconti av Modrone
endreFrå Uberto, bror til Matteo I, kom familiegreina hertugane av Modrone. Til denne familien høyrte Luchino Visconti til, ein av dei viktigaste filmregissørane , one of the most prominent film directors of Italian neorealist cinema.
Andre medlemmer
endre- Pave Gregorius X (1210–1276) vart fødd Teobaldo Visconti i Piacenza.
- Valentina Visconti, eldste dotter av Giangaleazzo Visconti, hertuginne av Orléans og bestemora til kong Ludvig XII av Frankrike, som erobra Milano som arvingen hennar
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen House of Visconti frå Engelsk Wikipedia .