Logos Live
Logos Live Konsertalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | Desember 1982 | |
Innspelt | 6. november 1982 | |
Spelestad | Dominion Theatre i London | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Lengd | 50:55 | |
Selskap | Virgin | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Das Mädchen auf der Treppe (1982) |
Logos Live | Hyperborea (1983)
|
Logos Live er det 18. albumet og fjerde konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 1982.[2] Opptaka er henta frå ein konsert i Dominion Theatre i London i England. På same måte som Tangram har det korte parti knytte saman av atmosfæriske overgangar, og dokumenterte ei tid då Tangerine Dream utvikla seg frå eksperimentell til melodisk musikk, som ein òg kan høyre på filmusikkalbumet Risky Business eit år seinare.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Frå den to timar lange konserten vart 50 minuttar med original musikk frå konserten gjeve ut på albumet. Heile konserten kom ut på Tangerine Leaves Volume 1: London 1982. Den same konserten vart framført på Fairfield Halls i Croydon den 31. oktober 1982 og gjeven ut på Tangerine Tree Volume 12: Croydon 1982.
I følgje Johannes Schmoelling er dette eit av favorittalbuma hans.[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Logos, Part One» | 25:41 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Logos, Part Two» | 19:28 |
2. | «Dominion» | 5:45 |
Utgjevinga av Logos Live deler ikkje dei to sidene opp, men desse tematiske seksjonane er blitt remiksa og nyinnspelte og brukte på andre album som separate spor. Somme CD-plater kombinerer dei to sidene til eitt enkelt spor.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Logos Intro» | 4:32 |
2. | «Logos Cyan» | 2:29 |
3. | «Logos Velvet» | 4:49 |
4. | «Logos Red» | 8:26 |
5. | «Logos Blue» | 5:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Logos Black» | 5:05 |
2. | «Logos Green» | 4:36 |
3. | «Logos Yellow» | 7:05 |
4. | «Logos Coda» | 2:33 |
Medverkande
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Logos Live» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Swan, Glenn. Logos Live på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 «Logos Live». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.