Logtun kyrkje
Logtun kyrkje er ei steinkyrkje som ligg på halvøya Frosta i Trøndelag, like ved staden der Frostatinget vart halde.
Logtun kyrkje | |||
kyrkje | |||
Material | stein | ||
---|---|---|---|
Innvigd | kring 1500 | ||
Diverse | Eigd av Fortidsminneforeningen | ||
Logtun kyrkje 63°34′02″N 10°42′06″E / 63.5672°N 10.7018°E | |||
Wikimedia Commons: Logtun kirke |
Ein trur at både Frostatingets segl og lovbok – Frostatingslova – har vore oppbevart i ei kiste i kyrkja. Kyrkja har en spesiell altartavle som vart utskoren i 1652, og måla i 1655.
I følgje Frostatingslova var det ei kyrkje her allereie på slutten av 1100-talet, men den nåværande bygningen er truleg oppført kring 1500. Ho var hovedkyrkje på bygda fram til 27. desember 1862, da ho vart vedtatt nedlagd grunna bygginga av ei ny kyrkje på Presthus. Den nye kyrkja vart innvigd 24. oktober 1866.
Kyrkja vart i 1903 gjeven til Fortidsminneforeningen – mot at dei «heldt murene ved like» – og i dag vert kyrkja brukt til bryllaup og gudstenester, og om sommaren er ho open for besøk.
Kjelder
endre- Om Logtun kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga Arkivert 2019-04-12 ved Wayback Machine.
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Logtun kirke, Nesset». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 233. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Kyrkjesøk
- Logtun kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren