Laurence Neil «Lol» Creme (fødd 19. september 1947) er ein engelsk musikar og musikkvideoregissør, mest kjend for arbeidet sitt med 10cc. Han syng og spelar gitar og klaverinstrument.

Lol Creme

Lol Creme i 1976 med 10cc
Fødd19. september 1947 (76 år)
FødestadPrestwich i Lancashire i England
FødenamnLaurence Neil Creme
AliasLolagon
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock
InstrumentVokal, gitar, klaverinstrument, fiolin
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar10cc, Hotlegs, Godley & Creme, Doctor Father, Art of Noise, The Producers, The Magic Lanterns
Verka somMusikar, musikkvideoregissør
BornLalo Creme

Biografi endre

«Lol» er eit traisjonelt engelsk kallenamn for Laurence. Medan han gjekk på kunstskule i Birmingham møtte han Kevin Godley. Dei starta fleire band i lag, mellom anna 10cc, og i 1976 slutta dei begge to i 10cc for å starte Godley & Creme. Paret vart seinare aktive musikkvideoregissrar og arbeidde med band som Yes. Creme regisserte den jamaicanske komedien The Lunatic frå 1991.

I 1988 vart Creme medlem av bandet Art of Noise, med Anne Dudley og Trevor Horn, og regisserte videoar for artistar som spelte med dei, som Tom Jones. Creme arbeidde seinare meir med Horn, inkludert bandet Producers i lag med Chris Braide og Steve Lipson.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre