Lomen kyrkje

kyrkje i Vestre Slidre

Lomen kyrkje vart oppført ved garden Hovi i Vestre Slidre (Innlandet) og innvigd 29. juli 1914. Kyrkjegarden ved Lomen stavkyrkje var for liten omkring hundreårsskiftet, og ny kyrkjegard vart teken i bruk i 1903. Kyrkja vart bygd nokre år seinare.

Lomen kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vestre Slidre
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Valdres
Sokn Lomen
Fellesråd Vestre Slidre
Type Langkyrkje
Arkitekt Heinrich Jürgensen
Innvigd 29. juli 1914
 - Endringar 1940
Klokker O. Olsen & Søn
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kleberstein, åttekanta kalkform
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1968
Sitjeplassar 200
Kart
Lomen kyrkje
61°07′59″N 8°53′27″E / 61.13304444°N 8.89077222°E / 61.13304444; 8.89077222
Wikimedia Commons: Lomen kirke

Arkitekt Holger Sinding-Larsen skal ha teikna utkast til kyrkje allereie i 1905[1], men dei endelege teikningane vart utarbeidd av Heinrich Jürgensen, som var utførande arkitekt. Byggverket er oppført i mur og har om lag 200 sitjeplassar. Kyrkja har glasmåleri av Emanuel Vigeland frå 1940.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.