Lomen stavkyrkje er ei stavkyrkje med heva midtrom som ligg i bygda Lomen i Vestre Slidre kommune i Innlandet. Ved hjelp av årringsdatering er kyrkja datert til 1179. Dei første skrivne kjeldene som omtaler kyrkja er frå 1325 og 1334.

Lomen stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vestre Slidre
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Valdres
Sokn Lomen
Type stavkyrkje med heva midtrom
Periode mellomalderen
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd ca. 1180
Stopul inne på kyrkjegarden
Kyrkjegard ved kyrkja
Kart
Lomen stavkyrkje
61°08′05″N 8°55′26″E / 61.134850025°N 8.9239472222222°E / 61.134850025; 8.9239472222222
Wikimedia Commons: Lomen stave church
Detalj av portal.
Foto: Øystein H. Brekke

Kyrkja blei seinare bygd om og gjort større i 1779. Ho gjekk ut av dagleg bruk i 1914 då den nye Lomen kyrkje var ferdig om lag 2 km lenger nord.

Innvendig er kyrkja støtta på fire stavar, ho har tre utskårne portalar, arkadar og søylekapitel.

Under den siste restaureringa av kyrkja blei det utført ei arkeologisk utgraving, og 71 gjenstandar blei funne, blant anna delar av smykke og myntar. Nokon av myntane stamma frå 1100-talet.

Lomen stavkyrkje seint på 1800-talet.
Foto: Axel Theodor Lindahl
Lomen stavkyrkje i juli 2022.

Litteratur endre

Bugge Gunnar & Mezzanotte Bernadino. (1994) Stavkirker. Oslo. s. 45, ISBN 82-504-2072-1.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kyrkjeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.