Crossrail 1
KBHFa
Maidenhead
HST
Taplow
HST
Burnham
BHF
Slough
HST
Langley
HST
Iver
HST
West Drayton
tKINTa STR
Heathrow Terminal 4
tINT STR
Heathrow Central
tSTRe STR
STRl ABZg+r
BHF
Hayes and Harlington
HST
Southall
HST
Hanwell
HST
West Ealing
INT
Ealing Broadway
HST
Acton Main Line
tSTRa
tINT
Paddington
tINT
Bond Street
tINT
Tottenham Court Road
tINT
Farringdon
tINT
Liverpool Street
tINT
Whitechapel
tSTR+l tABZgr
tINT tSTR
Isle of Dogs
tSTRe tSTRe
INT STR
Custom House
TUNNEL2 STR
Connaught Tunnel
KRZWu STR
River Thames
HST STR
Woolwich
KBHFe STR
Abbey Wood for Thamesmead
INT
Stratford Regional
HST
Maryland
HST
Forest Gate
HST
Manor Park
BHF
Ilford
HST
Seven Kings
HST
Goodmayes
HST
Chadwell Heath
BHF
Romford
HST
Gidea Park
HST
Harold Wood
HST
Brentwood
KBHFe
Shenfield

Crossrail er eit prosjekt som går ut på å bygge eit stort nytt jarnbanesamband under det sentrale London. Namnet blir òg brukt som ein referanse til den første linja som er planlagd bygd i prosjektet, ei linje som baserer seg på ein tunnel frå aust til vest mellom Paddington og Liverpool Street. Formelt heiter linja Crossrail Line 1.

Statsminister i England, Gordon Brown gav offisielt grønt lys til Crossrail Line 1 den 5. oktober 2007,[1][2] etter at finansieringa, med både offentlege og private aktørar, kunne dekka den fyrste linja.[3] Finansieringa blei ordna i juli 2008, då parlamentet godkjende bygginga. Det innebar at Transport for London fekk eigarskapet av Cross London Rail Links Ltd, eit promoteringsselskap som tidlegare var eigd både av TfL og transportdepartementet.

Går alt etter planen kjem dei fyrste toga til å gå i 2017. Toga vil gå i om lag same tempo som London Underground-toga, og vil utfylle Thameslink-ruta. Billettypane vil truleg bli dei same som i resten av transportsystema i London, med Travelcard innanfor Stor-London og Oyster card på heile linja (bortsett frå Heathrow-greina, der eigne system vil halda fram). Crossrail har ofte blitt samanlikna med RER-systemet i Paris, grunna lengda på tunnelen under sentrum. Crossrail vil bli integrert med London Underground, og vil truleg dukka opp på undergrunnskartet.

Crossrail Line 1

endre

Den fyrste linja er basert på eit par nye tunnelar under det sentrale London, som vil binde Great Western Main Line nær Paddington til Great Eastern Main Line nær Stratford. Ei andre grein vil bli splitta ut frå Whitechapel, gå gjennom Docklands, og koma opp ved Custom House på ei Nord-London-linje, som ikkje er i bruk, for så å gå under Themsen. Toga vil gå frå Maidenhead og Heathrow i vest til Shenfield and Abbey Wood i aust, og vil ta over dei eksisterande endestasjonane på desse rutene.

Hovudkonstruksjonsdelane er:

  • Dei sentrale tunnelane, med nye stasjonar under bakken på Paddington, Bond Street, Tottenham Court Road, Farringdon, Liverpool Street, Whitechapel and Isle of Dogs, som alle vil tilby overgang til London Underground, National Rail og Docklands Light Railway.
  • Andre tunnelar, blant anna under Thames ved North Woolwich (inkludert ein ny stasjon ved Woolwich). Dette vil gi samband mellom Nord-London-linja og North Kent-linja.
  • Dei fleste eksisterande stasjonane på ruta vil bli utvida, og ein stor del av dei vil òg bli totalt ombygd.
  • Overhead electrification skal bli installert mellom Heathrow Airport og Maidenhead.

Den nye stasjonen ved Woolwich blei lagt inn i planen etter at The House of Commons Select Committee la fram eit krav om det i 2006. Styresmaktene var i utgangspunktet negative til forslaget, då dette ville gi store ekstrakostnader, men godtok det etter at ei finansiell ordning var på plass.

Det har òg vore kampanjar for å utvida linja til Reading og Ebbsfleet. Transportdepartementet har som ei følgje garantert at linja skal gå til Reading, sjølv om det har blitt gjort klart at det er ingen planar om å utvida linja forbi Maidenhead.[4] Ei utviding til Ebbsfleet framleis under vurdering.[4]

Tekniske detaljar

endre

Den delen av linja som på bli lagt i tunnel er 16 km lang; eit vanskeleg og dyrt ingeniørteknisk prosjekt, grunna to faktorar: Geologien i London, og dei mange eksisterande tunnelane som allereie finst under London. Tunnelane vil vere doble, og begge vil ha ein diameter på 6 m [1] Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine., store samanlikna med 3.8 m i diameter på allereie eksisterande linjer. I motsetnad til dei meir vanlege elektrisitetsstandarane på London Underground og North Kent-linja, vil Crossrail nytta 25 kV, 50 Hz AC Overhead Line over bakken og eit kontaktleiarsystem i tunnelane, det same systemet som på Great Eastern Main Line og Great Western Main Line (til Heathrow). Tunnelen under det sentrale London vil gå mellom allereie eksisterande tunnelar.[2][daud lenkje].

Droppa ruter

endre

Fleire ruter har vore inkluderte i tidlege utkast til Crossrail, men blei seinare droppa. Desse inkluderer:

  • Ei rute frå Paddington til Kingston upon Thames via Richmond upon Thames var ein del av den "føretrekte ruta" som blei publisert i 2003. Den blei fjerna i 2004 etter lokal motstand mot bygginga, høge kostnader og tvil rundt om kor godt ruta ville løna seg. Denne ville truleg ha gått over bakken eller via ein tunnel til den eksisterande linja gjennom Gunnersbury og Kew (som i så fall ikkje lenger ville bli brukt av District-linja), og så til Richmond og Kingston på eksisterande linjer.
  • Ei rute i sør-aust forbi Abbey Wood til Dartford og Northfleet, for samband med High Speed 1. Dette forslaget blei fjerna grunna at ei slik linje ville måtte dele jarnbanespor med eksisterande trafikk, noko som ville blitt vanskeleg å gjennomføra.
  • Ei rute i nord-vest til Aylesbury, som ville teke over for Chiltern-jarnbanen. Denne brukte originalt Dudding Hill-linja, og involverte seinare ein ny tunnel. Andre greiner i denne retninga til High Wycombe og Watford Junction var òg under planlegging. Ingen av desse rutene blei tekne med under rutevurderinga i 2003.

Tidlegare framlegg

endre

Allereie i 1974 la eit utval leia av David Barran fram eit framlegg om to nye jarnbanelinjer under London, for å binde Paddington og Liverpool Street saman via Marble Arch og Ludgate Circus; og ei anna linje mellom London Bridge og Victoria. Kostnaden av desse to linjene, saman med gjenopninga av Snow Hill-tunnelen for å forma Thameslink, var rekna til om lag 300 milliona pund.[5]

Ei rute frå aust til vest blei lagt fram på ny tidleg i 1990-åra[6], men planen blei avvist av parlamentet i 1994. Dette framlegget innebar å førebu den eksisterande vognparken, med konseptteikningar som innebar British Rail Class 341. Ei rekkje alternative ruter på vestsida var under vurdering, inkludert linjer til Amersham og Watford i nord-vest, og Reading i vest. Alle dei har no blitt droppa til fordel for hovudlinja.

Noverande status

endre

Crossrail Line 1 har no fått støtte av styresmaktene, som introduserte eit forslag om ei delt rekning: den komplette teksten kan bli funne her. Rekninga er akkompagnert av annan relevant informasjon. Parlamentet godkjende framlegget, og konstruksjonen vil derfor kunne ta til i 2010, og bli ferdig i 2017.[7]

Sjølv om Crossrail lenge har hatt støtte frå både politikarar og næringsverksemda i London, har prosjektet lenge hatt usemje om finansieringa. Det noverande framlegget gjer at rekninga på om lag 16 milliardar pund vil bli dekka dels av det offentlege og dels privat, med selskap i London som dei viktigaste bidragsytarane.

Strid om prosjektet

endre

Nokre politikarar frå Aust-London er kritiske til prosjektet, då dei ser på det som eit prosjekt som berre gagnar forretningane i City og Docklands, noko dei meiner vil føre til eit samanbrot for Aust-London.[8]

Nokre godstogselskap, blant anna EWS, er sterkt kritiske til dei noverande planane, då dei vil bruke opp det meste av ledige jarnbanespor i London-området, og legg ikkje til nok ekstrakapasitet på dei tilknytte linjene. Dette vil gjere det vanskelegare for godstog å transportera på linjene i London, og gjera det slik at tidene for godstransport blir lengre og med det mindre lønsamt for bedriftene. EWS kan reise sak mot prosjektet dersom det bryt loven for Storbritannia og EU. Ei slik rettssak vil kunne utsetje prosjektet med mange år.

Det er merkbar motstand i Reading då Crossrail vil ha endestasjonen på Maidenhead og ikkje på Reading. [3] Arkivert 2007-12-23 ved Wayback Machine.. Både styresmaktene og dei som promoterer prosjektet har likevel opna for at det seinare kan bli bygd ei utviding til Reading om marknaden er god nok til det.

Fullmakt

endre

For at Crossrail skulle få lovleg fullmakt, måtte parlamentet godkjenna den delte rekninga. Departementet hadde av den grunn sett ned eit utval for å evaluera denne. I 2005 blei medlemmane namngjevne. Dei var Katy Clark, Kelvin Hopkins, Sian James, Alan Meale, Linda Riordan og Sir Peter Soulsby frå Labour Party; Brian Binley, Philip Hollobone og Ian Liddell-Grainger frå Conservative Party og John Pugh frå Liberal Democrats.

Nokre kommentatorar nemnde den openberre mangelen av Crossrail i kviteboka Delivering a Sustainable Railway publisert den 24. juli 2007.[9] I kviteboka stod det derimot at omfanget avgrensar seg til prosjekt som er ferdigstilte mellom 2009 og 2014, noko som gir meining i og med at Crossrail ikkje er planlagd ferdigstilt før i 2017.

I november 2008 stadfesta Englands transportminister Lord Adonis at finansieringa ikkje er i fare, trass i den globale finanskrisa.

Forvaltningsaspekt

endre

Cross London Rail Links Ltd er selskapet som har ansvaret for konstruksjonen av Crossrail. Det var før eigd av Transport for London og transportdepartementet, no berre av Transport for London, og har ein finanspakke på 16 milliardar pund på plass[10] for konstruksjonen. Etter planen går dei fyrste toga i 2017, dersom ikkje konstruksjonen blir forsinka av ymse årsaker[11]

Stasjonar

endre
Alternative ruter

Richmond-greina

Denne greina ville ha tatt over for District-linja frå Turnham Green til Richmond, og så forbi stasjonen til Kingston via ein tunnel. Grunna motstand frå lokale politikarar, høge kostnadar og tvil om kor mykje greina ville løna seg, blei ikkje linja tatt med i dei noverande planane

Hounslow-greina

Grunna avvisinga av Richmond-greina, har det blitt lagt fram eit forslag om ei rute frå Paddington til Hounslow, som nyttar ei eksisterande linje.

Woolwich

Det blei lagt på press for at ein stasjon ved Woolwich skulle bli teke med i rekninga, men styresmaktene avviste forslaget grunna svært høge kostnader. Etter avvisinga blei det derimot lagt ein ny plan for koss dei 162 millionane med pund kunne koma på plass.[12] Den 22. mars 2007 annonserte styresmaktene at Woolwich-stasjonen skulle bli teke med i rekninga.[13]

Det er planlagd at stasjonen skal bli lokalisert mellom to stasjonar på Abbey Wood-greina: Custom House og Abbey Wood.

 
Taplow

Vest for Paddington

endre

Maidenhead-greina

endre
 
West Drayton

Heathrow-greina

endre

Maidenhead- og Heathrow-greinene går i saman ved Airport Junction, mellom stasjonane West Drayton og Hayes and Harlington.

 
Heathrow stasjon
 
Paddington

Sentraldelen (i tunnel)

endre

Aust for Whitechapel

endre
 
Stratford

Romford-greina

endre
 
Goodmayes
 
Abbey Wood

Abbey Wood-greina

endre

Chelsea-Hackney line (Crossrail line 2)

endre

Cross London Rail Links Ltd har òg teke over London Underground sine planar om ei linje mellom Chelsea og Hackney, somme gonger referert til som "Merton-Hackney". Ruta har vore garantert av styresmaktene sidan 1991, og ein konsultasjon frå 2007 gir den følgjande ruta[15]:

Denne linja er kjent som Chelsea - Hackney line og vil ikkje blir bygd før etter Crossrail Line 1. Dei noverande planane er framleis vage, og det er uvisst om linja blir bygd etter standarane til National Rail eller London Underground. Ruta inkluderer og ei grein til Victoria Stasjon under Battersea Park i retning mot Clapham Junction (men ikkje heilt til stasjonen)[16]

Kjelder

endre
  1. BBC News
  2. AFP, arkivert frå originalen 20. mai 2011, henta 20. mai 2011 
  3. BBC News
  4. 4,0 4,1 Crossrail Safeguarding Update, arkivert frå originalen 7. juni 2009, henta 5. juli 2008 
  5. ’’Investment of £1,390 in London rail urged’’ i The Times
  6. [https://web.archive.org/web/20080502171740/http://www.railwaygazette.com/news_view/article/2007/02/7329/cross-london-projects-languish-on-the-back-burner.html Arkivert 2008-05-02 ved Wayback Machine. Railway Gazette International
  7. TheyWorkForYou.com
  8. Orders of the Day — Crossrail Bill[daud lenkje]
  9. Government’s five-year plan frå Railway Magazine
  10. UK House of Commons
  11. [https://web.archive.org/web/20080419070458/http://www.railwaygazette.com/news_view/article/2007/10/7798/london_crossrail_gets_the_go_ahead.html Arkivert 2008-04-19 ved Wayback Machine. London Crossrail gets the go-ahead
  12. icSouthLondon report on funding for Crossrail in Woolwich, arkivert frå originalen 23. desember 2007, henta 5. juli 2008 
  13. Greenwich Council on the Crossrail Woolwich stasjon, arkivert frå originalen 25. desember 2007, henta 5. juli 2008 
  14. Additional stop for Crossrail, arkivert frå originalen 15. juni 2008, henta 5. juli 2008 
  15. Crossrail Chelsea-Hackney Line site, arkivert frå originalen 7. mars 2009, henta 5. juli 2008 
  16. Crossrail Chelsea-Hackney Line Safeguarding Directions Consultation Drawings (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 30. juni 2007, henta 5. juli 2008 

Bakgrunnsstoff

endre