London Festival Orchestra

London Festival Orchestra vart oppretta i 1950-åra som «husorkesteret» for Decca Records. I 1980 vart det teken opp i eit sjølvstendig orkester under Ross Pople.

Orkesteret heldt sommarfestivalar i domkyrkjer under tittelen Cathedral Classics, sponsa av American Express og British Gas.

Det nye plateselskapet til BMG for klassisk musikk, Arte Nova, nytta LFO til å spele inn det meste av musikken for selskapet seint i 1990-åra. LFO har òg spelt inn for Deutsche Grammophon, Hyperion og ASV.

London Festival Orchestra spelar på The Moody Blues-albumet Days of Future Passed (1967 Deram Records).

Bakgrunnsstoff

endre