John William Strutt
britisk politikar og fysikar
(Omdirigert frå Lord Rayleigh)
John William Strutt, 3. Lord Rayleigh (12. november 1842–30. juni 1919) var ein britisk fysikar.
Rayleigh utførte eit stort tal fysikalske undersøkingar, innom nesten alle område i fysikken, og med det viste han ikkje berre uvanleg stor eksperimentelt handlag, men òg gode matematiske kunnskapar. I 1884 oppdaga han saman med William Ramsay grunnstoffet argon, som han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1904.
Han arva tittelen Lord Rayleigh i 1873 då faren John James Strutt døydde.
Rayleigh blei utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelige Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for Niels Henrik Abel sin fødsel i 1902.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John William Strutt» frå Wikipedia på bokmål, og «John William Strutt» frå Wikipedia på svensk den 2. mars 2009.