Lorentz Angell (11. august 17785. august 1860) var ein norsk prest og stortingsrepresentant.

Lorentz Angell
Lorentz Angell (PO-014300 01 1).jpg
Fødd 11. august 1778
Trondheim
Død

5. august 1860
Trondheim

Yrke prest, politikar
Lorentz Angell på Commons

Angell var son av soknepresten til domkyrkja i Trondheim. Han gjekk ut av Trondhjems Latinskole, der han var elev av Søren Monrad. Examen artium tok han i 1795 og teologisk embetseksamen i 1799. I 1804 vart han utnemnd til aftansongprest og rektor ved skulen i Tønsberg. Ni år seinare vart han sokneprest til KvernesNordmøre, og i 1817 dessutan prost over Nordmøre prosti. I 1827 vart han utnemnd til sokneprest i Melhus. Året etter vart han residerande kapellan ved domkyrkja i Trondheim, i 1846 sokneprest i same. Han tok avskjed i 1860.

Angell representerte Kristiansund og Molde på det overordentlege stortinget i 1814. Han var innvald for Trondheim til Stortinget 1833, men grunna sjukdom møtte han ikkje.

KjelderEndra