Loslue
Loslue er ein type varm lue i skinn med øyreklaffar og opprett lueskugge fôra med pels eller liknande. Sideklaffane kan fellast opp eller ned og festast under haka som ekstra vern mot kulde, vind og uvêr.
Luetypen har mellom anna vore vanleg som arbeidslue for losar og fiskarar i Noreg. Luer med pels og øyreklaffar er brukt som varme vinterluer i ulike variantar og under mange navn, til dømes som loslue i Forsvaret og usjanka i det russiske militæret.
Sidan 1970-talet har loslua også vore kjend som «oluf-lue» etter Arthur Arntzen sin komiske revyfigur «Oluf», som alltid var iført svart loslue med øyreklaffane hengjande laust ut.
-
Sovende jeger (1889) av Carl Sundt-Hansen viser tradisjonell norsk drakt med klaffelue i skinn.
-
Brun lêrlue med øyreklaffar og pelsforing frå Hellas kring 1920.Foto: Peloponnesian Folklore Foundation
-
Jødiske barneheimsbarn frå Centraal Israëlitisch Wees- en Doorgangshuis i Leiden i Nederland med toppluer og øyreklaffluer i 1938.
-
Mønstra klaffelue og kuldemaske frå tysk ekspedisjon til Tibet 1938–39Foto: Ernst Schäfer, Sven-Hedin-Institut für Innerasienforschung
-
Fiskeriarbeidarar i oljehyre og losluer sløyer torsk, truleg i Lofoten på 1970-talet.Foto: Nordlandsmuseet (Kanstadsamlinga)
-
Ung kvinne i Stockholm i 2010.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loslue» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2017.