Oljehyre

Oljehyre eller oljeklede er eit heilt sett solid regntøy for bruk under arbeid i regn og vassprut. Det består vanlegvis av bukse og jakke. Buksa er gjerne utstyrt med selar, sidan ho er rekna for å bli brukt over anna tøy, og difor er romsleg. Jakka er i dag oftast utstyrt med hette, medan ein i tidlegare tider brukte sydvest og høg krage mot vind. Opphavleg var det sjøfolk og fiskarar som brukte plagga, men bruken breidde seg òg blant arbeidsfolk til lands.

Tradisjonell gul oljehyre med sydvest, lang regnjakke, vasstette hanskar og støvlar.

Namnet stammar frå tida då alle slike plagg vart sydd av oljelerret (oilskin), bomullslerret innsett med linolje.[1] Før ein hadde metodar til å gjere tøy vasstett brukte ein skinnhyre. Dagens oljehyre består i prinsippet av tekstil belagt med eit vasstett materiale, men av kunststoff.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «oljeklede» i Nynorskordboka.
  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.