Lot er ein bibelsk figur som opptrer i 1. Mosebok. Han er son av Haran og brorson av patriarken Abraham.[1]

Lot

Lot måla av Hans Baldung i 1535.
Opptrer i1. Mosebok 14
Identifisert medLot i islam
Andre namnhebraisk לוֹט, Lôṭ; gresk Λώτ, Lṓt; arabisk: لُوط, Lūṭ
FarHaran
Ektefellekona til Lot
BarnMoab, Ben-Ammi, eldstedottera til Lot, yngstedottera til Lot

Han forlét Ur i Kaldea saman med farfaren Tarah, Abram (Abraham) og Sarai (Sara). Dei slo seg ned i Harran, der Tarah døydde.[2] Deretter drog Lot saman med Abram til Egypt, Negev og Betel. Etterkvart fekk dei to så mykje buskap at landet ikkje kunne fø begge flokkane. Abram avgjorde at dei måtte skiljast, og bad Lot velja kvar han ville dra, så skulle Abram dra motsett veg. Lot såg uotver den vassrike Jordansletta, og valde å leggja ut mot aust.[3]

Lot og familien flyktar frå Sodoma. Illustrasjon frå rundt 1250.
Lot og døtrene hans måla av Artemisia Gentileschi.

Lot busette seg i Sodoma. Under ein krig blei han teken til fange og ført bort. Då Abraham fekk høyra om dette følgde han etter til Hoba nord for Damaskus, og frigjorde Lot, folket og eigedelane hans.[4]

Før Sodoma og nabobyen Gomorra blei øydelagde, kom to englar og ba han flykta saman med kona og dei to døtrene sine. Under flukta såg kona hans seg tilbake, og blei gjort om til ei saltstøtte. Etter å ha flykta til Soar drog Lot og døtrene opp i fjellandet og søkte tilflukt i ei hole. Døtrene sa at det ikkje fanst menn i landet som dei kunne ha omgang med på vanleg vis. Dei skjenka derfor vin til faren, og medan han sov hadde dei incestuøst seksuelt samvær med han. Døtrene fekk sønene Moab og Ben-Ammi som blei stamfedrar til moabittane og ammonittane.[5]

Historien om Lot er frå 1. Mosebok, kapittel 13, 14 og 19. Han er også nemnd i 5. Mosebok 2,9 og 19; Salmane 83,8; Lukas 17,28–29,32 og Peters 2. brev 2,7.

Kjelder endre