Artemisia Gentileschi
Artemisia Gentileschi (8. juli 1593–1656) var ein italiensk barokkmålar. Ho var dotter av Orazio Gentileschi, som ho også gjekk i lære hjå. Artemisia Gentileschi er kjend for meisterlege verk i chiaroscurostil, inspirert av Caravaggio. Ho var den første kvinna i europeisk kunsthistorie som måla større historiske og religiøse måleri, og den første kvinna som blei medlem av Accademia del Disegno i Firenze.
Artemisia Gentileschi | |
Sjølvportrett som allegori av måleri (1638-9). | |
Fødenamn | Artemisia Lomi |
Nasjonalitet | italiensk |
Statsborgarskap | Kyrkjestaten |
Fødd | 8. juli 1593 Roma |
Død |
1653 (60 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar |
Sjanger | portrett, religiøst maleri, historiemåleri, mytologisk maleri |
Medlem av | Accademia delle Arti del Disegno |
Far | Orazio Gentileschi |
Mor | Prudenzia di Ottaviano Montoni |
Ektefelle | Pierantonio Stiattesi |
Artemisia Gentileschi på Commons |
Liv
endreArtemisia var fødd i Roma som det eldste barnet til Orazio Gentileschi og Prudentia Montone. Ho mista mor si då ho var tolv. Faren merka at ho hadde kunstnarisk talent og underviste henne i måleri til ho var sytten. Dei budde i eit område med mange kunstnarar, og faren var mellom anna venn med Caravaggio, som påverka Artemisia mykje.
Ettersom Artemisia ikkje fekk studera ved kunstakademi, fekk faren arrangert vidare lære for henne hjå vennen Agostino Tassi.
Tidleg i 1612 la Orazio an sak mot Agostino Tassi etter at han hadde valdteke Artemisia. Rettssaka varte i sju månader og medførte stor offentleg skam for Artemisia, som måtte bevisa at ho sjølv var kysk gjennom ei gynekologisk undersøking og tortur med tommeskrue. Gjennom rettssaka kom det fram at Agostino Tassi også hadde valdteke svigerinna si og kona si før han gifta seg med henne. Han hadde også lagt planar om å drepa kona. Tassi blei til slutt dømd til eksil, men sona ikkje straffa si, og kom tilbake til Roma etter fire månader.
Rundt denne tida byrja Artemisia Gentileschi å måla sitt best kjende måleri, 'Judith drep Holofernes'. Måleriet viser den jødiske heltinna Judit som skjer hovudet av Holofernes med eit innbite uttrykk. Dette og andre motiv frå Judits bok skulle ho koma tilbake til gjennom karrieren. Det er blitt tolka som ein reaksjon på opplevingane knytt til Tassi.
Mot slutten av 1612 blei Artemisia gift med målaren Pierantonio Stiattesi. Han var frå Firenze, der paret slo seg ned. I 1616 blei dei begge medlemmer av Academie del Disegno. Artemisia Gentileschi blei venner med Galileo Galilei og blei støtta som kunstnar av rikfolk som Cosimo II de' Medici. I Firenze fekk paret fleire born, men berre dottera Prudenzia voks opp. Paret hadde tidvis store pengeproblem, og Pierantonio bygde opp ei stor gjeld utan at Artemisia visste det.
I 1621 forlét Artemisia Gentileschi ektemannen og vende tilbake til Roma. Her ser ho ut til å ha fått endå ei dotter. Ho budde ei tid i Genova, der faren no heldt til, og var i Venezia i 1627. I 1630 flytta ho til Napoli, som hadde stor rikdom og var ein god kunstmarknad. Her måla ho for fyrste gong for domkyrkjer.
I 1638 drog Artemisia til England, der Orazio Gentileschi var hoffmålar for kong Karl II. Her samarbeidde ho med faren att og produserte måleri for den kunstinteresserte kongen. Ho hadde forlate England før den engelske borgarkrigen braut ut, og var tilbake i Napoli i 1949. Ho døydde ein gong på 1650-talet, kanskje av ein pest i 1656 som drap ei rekkje napolitanske kunstnarar.
Kjelder
endre- The Life and Art of Artemisia Gentileschi Arkivert 2005-06-05 ved Wayback Machine. (med undersider) ved artemisia-gentileschi.com
- Biography ved wga.hu
- Denne artikkelen bygger på «Artemisia Gentileschi» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- The Life and Art of Artemisia Gentileschi (artemisia-gentileschi.com)
Litteratur
- Christiansen, Keith, Orazio and Artemisia Gentileschi. New York: Metropolitan Museum of Art 2001.
- Garrard, Mary D., Artemisia Gentileschi: the image of the female hero in Italian baroque art. Princeton: Princeton University Press 1991.
- Garrard, Mary D., Artemisia Gentileschi around 1622: the shaping and reshaping of an artistic identity. Berkeley: University of California Press 2001.
- Vreeland, Susan, Artemisias passion. Stockholm: Pan 2004.