Lough Corrib (Loch Coiribirsk) er ein innsjø (på engelsk lough) vest i Republikken Irland. Elva Corrib/Galway renn frå innsjøen til havet ved Galway Bay. Innsjøen er den største i Republikken Irland og den nest største på heile Irland etter Lough Neagh med eit areal på 200 km².

Lough Corrib
innsjø
Fiskarar nær Cong
Land  Irland
Fylke County Longford
Innsjøtype Lough
Utløp Corrib
Areal 200 km²
Koordinatar 53°28′N 9°17′W / 53.467°N 9.283°W / 53.467; -9.283
Kart
Lough Corrib
53°28′00″N 9°17′00″W / 53.466666666667°N 9.2833333333333°W / 53.466666666667; -9.2833333333333
Wikimedia Commons: Lough Corrib

Namnet «Loch Coirib» er ei forvrenging av Loch nOirbsean, som er kalla opp etter den mytologiske figuren Orbsen Mac Alloid (ofte kalla Manannán Mac Lir, «Havet sin son», som Isle of Man er kalla opp etter.)

Sir William Wilde skreiv ei bok om innsjøen som først kom ut i 1867.

Den første kanalen i Irland vart graven ut på 1100-talet. Han vart kalla The Friar's Cut (Munkepassasjen) og gjorde at båtar kunne gå frå Lough Corrib til sjøen ved Galway.

Lough Corrib er ein av turistattraksjonane i Irland og trekkjer til seg mange fiskarar. Tidleg i 2007 vart det derimot påvist store mengder av urdyrparasitten Cryptosporidium, som førte til forureining av drikkevatnet i Galway by og eit utbrot av kryptosporidiose.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre