County Longford
County Longford[a] er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Leinster. Med om lag 40 000 innbyggjarar er det eit av dei minste grevskapa på Irland. Det er administrative senteret er byen Longford.
Longford | |||
An Longfort | |||
county | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Hovudstad | Longford | ||
Areal | 1 091,0 km² | ||
Folketal | 40 873 (2016) | ||
Bilnummer | LD | ||
![]() County Longford 53°40′00″N 7°45′00″W / 53.666666666667°N 7.75°W | |||
Wikimedia Commons: County Longford |
County Longford grensar til Leitrim og Cavan i nord, Roscommon i vest og Westmeath i sør og aust.
Det meste av Longford ligg i nedslagsfeltet til Shannonelva, som utgjer den vestlege grensa til grevskapet. Den store innsjøen Lough Ree ligg i Longford. Den nordaustlege delen av grevskapet høyrer derimot til nedslagsfeltet til elva Erne og mykje av Lough Gowna ligg òg i Longford. Typisk landskap i Longford er innsjøar, myrområde og beitemarker. Longford er generelt lågtliggande og det høgaste punktet er Carn Clonhugh i nordvest med ei høgd på 279 meter over havet.
Det ligg fleire ruinar etter klostersamfunn ved Ardagh, Abbeylara, Abbeyderg, Abbeyshrule, Inchcleraun Island i Lough Ree og Inchmore Island i Lough Gowna.
Bortsett frå byen Longford finn ein følgjande byar og landsbyar i County Longford:
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ «An Longfort». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 23. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Longford» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.