Louis Couperin (fødd kring 1626 i Chaumes-en-Brie, død 29. august 1661 i Paris) var ein fransk komponist, organist og fiolinist, og onkelen til François Couperin «le Grand».

Louis Couperin
Føddomkring 1626
FødestadChaumes-en-Brie i Frankrike
Død29. august 1661 (1660 år)
DødsstadParis
OpphavFrankrike
PeriodeBarokken
SjangerKlavermusikk
InstrumentCembalo
Verka somKomponist
FarCharles Couperin I
Fragment av ei side frå Bauyn-manuskriptet. Codaen utan taktstrekar er skrive ut av Couperin sjølv.

Louis Couperin ein av dei mest kjente medlemmane av familien Couperin og ein av dei beste komponistane for klaviaturinstrument på 1600-talet. Lite er kjent om dei første 23 leveåra, men i 1650 tok den kjende cembalisten, fiolinisten og komponisten Jacques Champion de Chambonnières han under vengjene sine. Tre år seinare tiltredde Louis som den første i familien sin organistembetet i St-Gervais-kyrkja, dette hadde han til han døydde. I tillegg var han organist, cembalist og fiolinist i kammermusikkensemblet til Ludvig XIV av Frankrike.

Dei mest merkverdige av hans cembalokomposisjonar er chaconnene og Préludes non mesurés («Preludium utan taktstrekar») som røper påverknad frå Johann Jakob Froberger.

BakgrunnsstoffEndra