Chaconne
Chaconne (fransk, spansk chacona, frå baskisk chocuna, 'lystig') er ein spansk folkedans frå 1500-talet, nært i slekt med passacaglia. Det italienske omgrepet ciaccona vert ofte brukt, og andre skrivemåtar som ciacona, chiaccona, ciaconia og liknande finst òg.


Chaconnen var opphavleg ein hurtig dans som oppstod i spansk folkekultur på slutten av 1500-talet. Dansen vart utført med erotiske rørsler og sunge med spottande tekstar.[1] I følgje Curt Sachs er chaconnen av latinamerikansk opphav og og med ein sanseleg, vill og tøyleslaus karakter.
I kunstmusikken er chaconnen ei ostinat musikkform med variasjonar over eit gjentatt harmoniskjema på fire til åtte takter.
Chaconnen var stort sett berre i vanleg bruk i barokken, men vart delvis teken fram igjen på 1800-talet. ein av dei største romantiske symfoniske chaconnane er sluttsatsen i symfoni nr 4 i e-moll op. 98 av Brahms. Det vakre temaet er med små forandringar henta frå Bach-kantaten Nach dir, Herr, verlanget mich BWV 150. Temaet vert presentert av blåsarane og utvikla i over 30 variasjonar med temaet tilstades i bassinstrumenta nesten heile tida.
På 1800-talet og tidleg 1900-tal skilte ein del teoretikarar mellom passacaglia og chaconne ved å bruke chaconne om eit sett av variasjonar over eit harmoniskjema, men passacaglia vart definert som eit sett av variasjonar over ein bassmelodi.[2] Skiljet er tilfeldig fordi andre samtidige teoretikarar snur skiljet på hovudet,[3] og dessuten har ikkje skiljet vore klart i musikkhistoria.[4] Nokre gonger vert dei kombinerte i ein enkelt komposisjon , som i Cento partite sopra passacaglia av Girolamo Frescobaldi, og den første suiten i Les Nations (1726) og i Pièces de Violes (1728) av François Couperin.[5]
Døme på chaconnar Endra
Ein av dei dei mest kjente chaconnane er sluttsatsen i Johann Sebastian Bachs Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004 frå Sonatar og partitaer for fiolin. Denne 265-taktars chaconnen tar utgangspunkt i ein melankolsk firetaktars melodi og vert utvikla gjennom ein fargerik musikalsk reise i både dur- og molltoneartar.
- John Adams: andre sats Chaconne: Body Through Which the Dream Flows i Fiolinkonsert (1993)
- Johann Sebastian Bach: «Chaconne» frå Partita for solofiolin nr. 2 i d-moll
- Johannes Brahms: Symfoni nr. 4 i e-moll, op. 98, finale
- Benjamin Britten: Chacony, tredje sats av strykekvartett i nr. 2, i C-dur (1946)
- Dietrich Buxtehude: Orgelchaconne i e-moll (BuxWV 160)
- Dietrich Buxtehude: Preludium, fuge og chaconne i C-dur (BuxWV 137)
- John Corigliano: Chaconne for Violin and Orchestra
- François Couperin: La Favorite, Chaconne a deux tems, Troisième ordre.
- Auguste Durand: Chaconne, Opus 62
- Philip Glass: Echorus for to fioliner og strykeorkester (1995)
- Philip Glass: Symfoni nr. 3, tredje, langsomme sats (1995)
- Georg Friedrich Händel: Chaconne frå suite i g-moll for klaver
- Gustav Holst: Chaconne frå First Suite in Eb for Military Band (ifølge ein skribent teknisk sett ein passacaglia, men i følgje andre teknisk sett ein chaconne)[6]
- Jean-Baptiste Lully: Chaconne frå Phaëton (1683)
- Marin Marais: Chaconne i G-dur for to gamber og continuo, no. 47 frå Première Livre de pièces de violes (1686–89)
- Marin Marais: Chaconne frå suite no. 1 i C-dur i Pièces en trio pour les flûtes, violon, et dessus de violes (1692)
- Marin Marais: Chaconne frå Suitte d'un goût Etranger, frå Quatrième Livre dei Pièces à une et à trois violes (1717)
- Claudio Monteverdi: Zefiro Torna frå Scherzi musicali cioè arie et madrigali (Venice, 1632) eit tidleg døme på vokalmusikk sunge til ein akkompagnerande chaconne.
- Carl Nielsen: Chaconne, op. 32, for piano (1916–17)
- Johann Pachelbel: Kanon i D
- Henry Purcell: Chacony for strykarar og continuo i g-moll Z.730 (1680)
- Jean-Philippe Rameau: L'hymen—Chaconne, scene VI frå Les fêtes d'Hébé (1739)
- Tomaso Antonio Vitali: Chaconne i G-moll for solofiolin
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Chaconne» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Basert på tysk og engelsk Wikipedia 28. februar 2009
Fotnotar Endra
- ↑ Alexander Silbiger, «Chaconne», The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. S. Sadie and J. Tyrrell (London: Macmillan, 2001)
- ↑ Percy Goetschius, The Larger Forms of Musical Composition: An Exhaustive Explanation of the Variations, Rondos, and Sonata Designs, for the General Student of Musical Analysis, and for the Special Student of Structural Composition ([New York]: G. Schirmer, 1915), 29 og 40
- ↑ Lucas, Clarence Lucas, 1908. The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner's Sons, 1908), 203
- ↑ «modern attempts to arrive at a clear distinction are arbitrary and historically unfounded». Manfred Bukofzer, Music in the Baroque Era (New York: Norton, 1947), 42
- ↑ Alexander Silbiger, «Passacaglia and Ciaccona: Genre Pairing and Ambiguity from Frescobaldi to Couperin Arkivert 2008-05-15 ved Wayback Machine.», Journal of Seventeenth-Century Music 2, no. 1 (1996).
- ↑ Budd Udell, «Standard Works for Band: Gustav Holst's First Suite in E♭ Major for Military Band». Music Educators Journal 69, no. 4 (1982):28 (JSTOR subscription access); Pam Hurry, Mark Phillips, and Mark Richards, Heinemann Advanced Music (Oxford: Heinemann Educational Publishers, 2001. ISBN 0-435-81258-0): 238; Clarence Lucas, The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner’s Sons, 1908): 203.