Château de Saint-Germain-en-Laye

Château de Saint-Germain-en-Laye er eit kongeslott i kommunen Saint-Germain-en-Laye i départementet Yvelines, om lag 19 km vest for Paris i Frankrike. I dag husar bygningen Musée d'Archéologie Nationale, det arkeologiske nasjonalmuseet.

Château de Saint-Germain-en-Laye.
Sainte-Chapelle.

Det første slottet på staden, kalla Grand Châtelet, vart bygd av Ludvig VI kring 1122. Slottet vart utvida av Ludvig IX av Frankrike i 1230-åra. Slottet vart sett i brann av den svarte prinsen i 1346. Slottet, no kalla Château Vieux vart gjenoppbygd av kong Karl V i 1360-åra, over det gamle fundamentet.

Dei eldste delane av det noverande slottet vart bygd opp av Frans I i 1539 og vart sidan utvida fleire gonger.

Ludvig XIV vart fødd i Saint-Germain-en-Laye i 1638. Ludvig XIV gav slottet til kong Jakob II av England då han reiste i eksil frå Storbritannia etter den ærerike revolusjonen i 1688.

På 1800-talet oppretta Napoleon I utdanningssenteret for kavalerioffiserane sine der. Napoleon III fekk slottet restaurert frå 1862 og det vart Musée des Antiquités Nationales,det nasjonale antikvitetsmuseet.

I 1919 vart freden i Saint-Germain-en-Laye, som enda krigen mellom dei allierte i fyrste verdskrigen og Austerrike, signert på slottet.[1]

Under den tyske okkupasjonen (1940-1944) vart slottet nytta som hovudkvarteret til den tyske armeen i Frankrike.

Museet fekk namnet Musée d'Archéologie Nationale i 2005.[2]

KjelderEndra

  1. "Austrian treaty signed in amity," The New York Times, Sept. 11, 1919, s. 12.
  2. Ministerial decree no. 2005-698 of. juni 22, 2005

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 48°53′53″N 2°05′47″E