Louis de Broglie

fransk fysikar

Louis de Broglie (15. august 189219. mars 1987) var ein fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1929 for oppdaginga av elektronet sin bølgenatur.[1]

Louis de Broglie
Louis-Victor-Pierre-Raymond, 7. duc de Broglie

FøddLouis Victor Pierre Ramon de Brogli
15. august 1892
Dieppe i Frankrike
Død19. mars 1987
Louveciennes i Frankrike
NasjonalitetFransk
Områdeteoretisk fysikk
Yrkefysikar, matematikar, universitetslærar, historikar, teoretisk fysikar, filosof, forskar
InstitusjonarFaculté des sciences de Paris
Sorbonne
Institut Henri Poincaré
Alma materFaculté des sciences de Paris
Lycée Janson-de-Sailly
DoktorgradsrettleiarPaul Langevin
MedlemRoyal Society
Académie française
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Vichy National Council
Det pavelege vitskapsakademiet
International Academy of Quantum Molecular Science
American Academy of Arts and Sciences
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Indias nasjonale vitenskapsakademi
Académie internationale d’histoire des sciences
National Academy of Sciences
American Philosophical Society
Académie des sciences, belles-lettres et arts de Rouen

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1929

I løpet av 1800-talet hadde det vakse fram ei forståing for at ljos var elektromagnetiske bølgjer, medan elektron var partiklar. Etter at Einstein i 1905 framsette teorien sin om den fotoelektriske effekt, vart det klart at ljos har både bølgje- og partikkel-eigenskapar. De Broglie foreslo difor, etter intens eksperimentering i 1920-åra, at òg elektronet har ein slik dualitet. Dette viste seg å vere riktig, og å gjelde alle elementærpartiklar.

Han arbeidde òg aktivt for skipinga av CERN, og blir sett på som ein av grunnleggjarane.[2]

Referansar

endre
  1. «Nobelprisen i fysikk 1929» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 7. februar 2011. 
  2. Soylent Communications. «Louis de Broglie» (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Louis de Broglie