Love Song av Simple Minds

Love Song
Singel av Simple Minds
frå albumet Sons and Fascination
Utgjeve 15. august 1981
Innspelt Juli 1981
Sjanger Post-punk, new wave
Lengd
  • 5:04 (Album/12"-versjon)
  • 3:51 (singel)
Selskap Virgin
Tekstforfattar Jim Kerr
Låtskrivar(ar) Jim Kerr, Charlie Burchill, Derek Forbes, Brian McGee and Mick MacNeil
Simple Minds-kronologi 
«The American»
(1981)
Love Song «Sweat in Bullet»
(1981)


«Love Song» er ein song av det skotske bandet Simple Minds. Han kom ut på singel på Virgin Records i august 1981, ein månad før utgjevinga av albumet Sons and Fascination. B-sida er ein instrumental versjon av «This Earth That You Walk Upon», som seinare kom ut på albumet med nyinnspelt vokal. Trass i eit klistremerke på 12"-versjonen av singelen som lovde ein «lengre versjon», består alle 12"-versjonane berre av albumverjsonen av songen.

Songen er visstnok ei hyllest til det nære bandet mellom Europa og Amerika.[1] Stilen på songen markerte eit skifte bort den tidlegare eksperimentelle fasen til bandet, mot ein meir tilgjengeleg og kommersiell rock.[2]

«Love Song» vart den første singelen til Simple Mind som gjekk inn på den britiske topp 50-lista, då han klarte å nå 47. plassen. Songen vart ein større suksess i Sverige og Australia der han nådde topp 20.

Salslister endre

listee (1981/1982) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 17
Sverige (Sverigetopplistan)[4] 16
Canada 38
Storbritannia (CIN)[5] 47

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre