Sons and Fascination/Sister Feelings Call

Sons and Fascination/Sister Feelings Call
Studioalbum av Simple Minds
Språk engelsk
Utgjeve 12. september 1981
Sjanger
Lengd 78:59 (opphavleg 43:50 + 35:09)
Selskap Virgin
Produsent Steve Hillage
Simple Minds-kronologi 
Empires and Dance
(1980)
Sons and Fascination/Sister Feelings Call New Gold Dream (81/82/83/84)
(1982)


Singlar frå Sons and Fascination/Sister Feelings Call
  1. «The American»
    Utgjeve: 23. mai 1981
  2. «Love Song»
    Utgjeve: 15. august 1981
  3. «Sweat in Bullet»
    Utgjeve: 7. november 1981

Sons and Fascination/Sister Feelings Call er det fjerde albumet til det skotske post-punk-bandet Simple Minds. Det kom ut i september 1981 og var det første som nådde eit større, internasjonalt publikum. Det inneheld singlane «The American», «Love Song» og «Sweat in Bullet».

Oversyn endre

Sons and Fascination og Sister Feelings Call var to separate album. Dei vart spelte inn under den same innspelinga og gjevne ut samstundes, og i somme tilfelle selt som ei dobbel LP-plate. Dei to utgjevingane er stundom kategorisert som eit dobbeltalbum, to single album eller eit singelalbum og ein EP. Den noverande CD-utgåva inneheld alle spora. Den originale CD-utgåva frå 1985 kom ut utan songane Sister Feelings Call, League of Nations og Sound in 70 Cities, sidan den maksimale lengda på ein CD på den tida ikkje var lang nok til å få med alle songane, og Virgin var ikkje villig til å gje det ut som ein dobbel-CD.

Innspeling endre

Innspelinga er den siste med den originale besetninga i bandet. Trommeslagaren Brian McGee slutta like etter innspelinga var over, og vart erstatta av Kenny Hyslop som deltidsmedlem for den komande turneen. Hyslop deltek i musikkvideoane til «Sweat in Bullet» og «Love Song».

Etter å ha avslutta kontrakten med Arista vart dette dei første innspelingane bandet gjorde for Virgin Records. Dei arbeidde med produsenten Steve Hillage, som var gitarist i progrockbandet Gong. Ein ting Hillage og Simple Minds hadde til felles var kjærleiken for krautrock. Dei tre førre albuma vart produserte av John Leckie.

Rytmeseksjonen var meir dominerande enn på tidlegare album. Dei var stundom på kant med dei andre instrumenta eller vokalen til Kerr (som på «The American» eller «Sweat in Bullet»).

Bandet spelte inn femte spor for albumet, men klarte ikkje å velje ut kva av dei som skulle med på albumet, så dei byrja å diskutere høvet om å lage eit dobbeltalbum. Under den hektiske innspelinga gjekk bandet tom for pengar og somme av songane vart uferdige. Jim Kerr sa seinare: «Når eg ser attende på det no så trur eg me prøvde på det umogelege. Me ønskte å spele inn eit dobbeltalbum på budsjettet til eit enkeltalbum. Men på den tida så hadde me så mange idear, og me tenkte dei alle var nyttige. Så me valde å spele inn alt saman og enda opp med eit einaste rot, eit regelrett mareritt». Dei ønskte ikkje å ta bort nokre av songane og valde dermed å gje ut albumet som ei avgrensa dobbelplate.[1]

«The American» var den første songen som vart fullført under innspelingane og raskt gjeven ut på singel i mai 1981. Songen var inspirert av dei lyse fargane på ei utstilling av moderne, amerikansk kunst som Jim Kerr hadde vore på.[2]

«Love Song» vart spelt inn og gjeven ut på singel ein månad før det då uferdige albumet kom ut. B-sida «This Earth That You Walk Upon» er ein instrumental som kom frå ein studiojam med Mick MacNeil. Etter singelen kom ut valde bandet å skrive ein tekst til songen og tok med ein ny vokalversjon på albumet.[3]

«Boys from Brazil» er inspirert av romanen The Boys from Brazil, som Kerr har sagt i intervju. Linja «babies cannot manage crocodiles» er truleg inspirert av den logiske utsegna til Lewis Carroll: «All babies are illogical / Nobody is despised who can manage a crocodile / Illogical persons are despised».

Utgjeving endre

Som vinylplater er Sons and Fascination det fjerde Simple Minds-albumet med Sister Feelings Call som den femte. Eller som dobbeltalbum vert det rekna som det fjerde albumet deira. Begge to kom ut samstundes i 1981. Sons and Fascination var hovudplata og Sister Feelings Call kom med som ei bonusplate med dei første 10 000 eksemplara av den originale utgjevinga. Albumet nådde 11. plassen på UK Albums Chart,[4] 31. plassen på den australske Kent Music Report-lista,[5] sjuandeplassen på den newzealandske RIANZ-lista[6] og fjerdeplassen på den svenske Sverigetopplistan.[7] Sidan 1981 har albumet selt til gullplate i British Phonographic Industry.

Den kanadiske utgåva av Sons and Fascination (utvida til ti spor, seks av dei åtte frå den britiske og fire andre frå Sister Feelings Call, og dermed korta ned til fem spor på vinylutgåva og seks på kassettutgåva) hadde ei heilt anna rekkjefølgje på songane, og byrja med «Love Song».

Då albumet kom ut på CD i 1985 kom Sons and Fascination med fem av dei sju songane frå Sister Feelings Call lagt til etter hovudplata, slik at CD-en vart ei enkelpalte. Dei to songane frå Sister Feelings Call måtte fjernast på grunn av plassmangel på CD-platene på den tida. Albumet var derfor ikkje komplett. Det var ingen indikasjonar i plateomslaget om at dei fem siste spora på plata kom frå Sister Feelings Call. Dei to songane var «League of Nations» og «Sound in 70 Cities» (ein instrumentalversjon av Sons and Fascination-songen «70 Cities as Love Brings the Fall») Begge kom seinare ut på CD-singelen av 12"-utgåva av «The American» og kom inn att på albumet i 2003 og 2003 då den doble plata vart ommastra og gjeve ut som Sons and Fascination/Sister Feelings Call.

I 2012 gav Virgin Records ut plateboksen X5 med dei fem første albuma til bandet, som kvar kom med ekstraspor.

Singlar endre

«The American», «Love Song» og «Sweat in Bullet» kom ut på singlar. «The American» kom ut før albumet og vart den første singelen deira på den britiske singellista sidan «Life in a Day» i 1979, og nådde 59. plassen.[4]

«Love Song» følgde og nådde 47. plassen i Storbritannia.[4] «Love Song» vart den første internasjonale hitten deira. Han nådde topp 20 i Sverige og Australia og 46. plassen på kanadiske RPM-lista.[8]

«Sweat in Bullet» vart remiksa for singelutgåva av Peter Walsh. Singelen nådde 52. plassen i Storbritannia, 47. plassen i New Zealand og 17. plassen i Sverige.[7] Walsh produserte det neste albumet deira, New Gold Dream (81/82/83/84) i 1982.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Rock 82positiv[10]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [11]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [12]
The Facepositiv[13]
Martin C. Strong8/10[14]
NMEnegativ[15]
Soundspositiv[16]
Virgin Encyclopedia     [17]

I The Essential Rock Discography (2006) av Martin C. Strong vart Sons and Fascination/Sister Feelings Call vurdert særs positivt: «Simple Minds byrja å finne nisjen sin og brukte meir kunstferdige tendensar i ein meir konvensjonell og melodisk songstruktur.»[14] Sounds rangerte albumet som det 18. beste i 1981.[18] I 2007 rangerte Mojo albumet Sons and Fascination/Sister Feelings Call som eit av dei 80 beste albuma frå 1980-åra,[19] medan avisa The Guardian valde ut plata som eit av «1000 album du må høyre før du døyr». Dei skreiv: «Før dei glei ned i episk pomp-rock-skrål, leverte Simple Minds særs romantisk, smart futuristisk synthpop. På Sons and Fascination gravde dei fram fascinerande, glitrande kunstrock, medan songar som 'Love Song' var så strålande skinande at du kunne tilgje dei framtida deira.»[20]

Innhald endre

Sons and Fascination

All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Simple Minds.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«In Trance as Mission»6:50
2.«Sweat in Bullet»4:30
3.«70 Cities as Love Brings the Fall»4:48
4.«Boys From Brazil»5:30
Side B
Nr.TittelLengd
5.«Love Song»5:03
6.«This Earth That You Walk Upon»5:26
7.«Sons and Fascination»5:23
8.«Seeing out the Angel»6:11

Sister Feelings Call

All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Simple Minds.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Theme for Great Cities»5:50
2.«The American»3:49
3.«20th Century Promised Land»4:53
Side B
Nr.TittelLengd
4.«Wonderful in Young Life»5:20
5.«League of Nations»4:55
6.«Careful in Career»5:08
7.«Sound in 70 Cities» (Dub mix of «70 Cities as Love Brings the Fall»)5:01

Den kanadiske versjonen av både Sons And Fascination og Sister Feelings Call hadde ei anna rekkjefølgje enn originalplata. .

Sons and Fascination (Kanadisk versjon)[21]

All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Simple Minds.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Love Song»5:03
2.«Theme for Great Cities»5:50
3.«This Earth That You Walk Upon»5:26
4.«Sweat in Bullet»4:30
5.«In Trance as Mission»6:50
Side B
Nr.TittelLengd
6.«The American»3:49
7.«20th Century Promised Land»4:53
8.«League of Nations»4:55
9.«Boys From Brazil»5:30
10.«Sons and Fascination»5:23

Sister Feelings Call (Kanadisk versjon)[22]

All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Simple Minds.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«70 Cities as Love Brings the Fall»4:48
2.«Careful in Career»5:08
3.«Seeing out the Angel»6:11
Side B
Nr.TittelLengd
4.«Wonderful in Young Life»5:20
5.«Sound in 70 Cities» (Dub mix of «70 Cities as Love Brings the Fall»)5:01

Medverkande endre

Andre medverkande

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[23] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Sons and Fascination Dream Giver Redux
  2. The American Dream Giver Redux
  3. Love Song Dream Giver Redux]
  4. 4,0 4,1 4,2 «The Official Charts Company - Simple Minds». Official Charts Company. Henta 8. september 2020. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «charts.nz - Discography Simple Minds». Hung Medien. Henta 6. september 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Swedish Charts - Simple Minds». Hung Medien. Henta 6. september 2020. 
  8. «RPM 50 Albums». RPM (archived at Library and Archives Canada) 35 (26). 6. februar 1982. Henta 8. september 2020. 
  9. Kellman, Andy. Sons and Fascination/Sister Feelings CallAllmusic. Henta 8. september 2020.
  10. «Sons & Fascination, Simple Minds». Rock 82 (på Serbian) (Belgrade: NIP Politika) (18): 9. 
  11. Kellman, Andy. Sons and Fascination/Sister Feelings CallAllmusic. Henta 8. september 2020.
  12. Kellman, Andy. «Simple Minds - Sons and Fascination/Sister Feelings Call - review». AllMusic. Henta 1. februar 2013. 
  13. Cranna, Ian (October 1981). «Sons & Fascination/Sister Feelings Call». The Face (London: Wagadon) (18). ISSN 0263-1210. Henta 2. februar 2013. 
  14. 14,0 14,1 The Essential Rock Discography - Volume 1: 970. 2006.  Missing or empty |title= (hjelp)
  15. Bohn, Chris (5. september 1981). «Sons And Fascination/Sister Feelings Call». NME (IPC Media). ISSN 0028-6362. Henta 8. september 2020. 
  16. Gill, John (19. september 1981). ««It's time we got our crown», says Jim Kerr of Simple Minds. John Gill doesn't disagree.». Sounds (UBM plc). Henta 2. februar 2013. 
  17. Larkin, Colin. «Review: Sons & Fascination Arkivert 27. juli 2013 ved Wayback Machine.». Virgin Encyclopedia of Popular Music: 2002.
  18. «Sounds End of Year Lists». Rock List Music. Henta 6. september 2020. 
  19. «Sons and Fascination - Simple Minds». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 27. juli 2013. Henta 6. september 2020. 
  20. «1000 albums: Artists beginning with S». The Guardian (London: Guardian Media Group). 20. november 2007. Henta 6. september 2020. 
  21. Discogs.com, Simple Minds - Sons and Fascination (Virgin – VL 2224)
  22. Discog.com, Simple Minds - Sister Feelings Call (Virgin – VEP 311)
  23. «British album salstrofé – Simple Minds – Sons and Fascination/Sister Feelings Call». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020.  Enter Sons and Fascination/Sister Feelings Call in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go