Lovundbåten

leivningane etter ein båt frå 1400-åra

Lovundbåten er leivningane etter ein båt som vart funnen på Lovund, i Lurøy kommune, i 1976. Ved vegbygging vart det teke ut sand i fjøra. Der vart det funne resar av ein klinkbygd båt. Analyser av treverket syner at det er eik, felt i Agder på 1450-talet. Ved hjelp av dendrokronologi vert 1469 det sansynlege byggeåret. Båten har truleg vore kring 13 meter lang, 3,65 meter brei og 1,74 meter djup, frå rip til botn. Han er oppborda med jarnsaum Det har vore brukt dyrehår og ulltekstilar innsette med tjøre mellom borda. Han har hatt kraftige esingar og ei fenderlist på utsida av ripbordet. Han har vorte bygd med spunningskjøl. Båten har truleg hatt segl, men det er ikkje funne nokon mastefisk.

Den spissgatta båen har truleg vorte brukt som fraktefarty. Ein finn mange spor av slitasje i båten, og at han har vore reparert. Det er uvist om båten har forlist eller om han var i så dårleg stand at han har vorte vraka. Det låg ein del stein i og ved båten. Dei kan ha vore brukt til å senke han, I 2017 gjorde tilsette Tromsø Museum og Norsk Maritimt Museum, arkeologisk utgraving av Lovundbåtenn. Det vart laga ei demning som heldt vatnet borte under arbeidet. Det vart framgrave 274 båtdelar.

Båtdelane har gjennomgått PEG-konservering og frysetørring for å få bort vatnet. Ved PEG konsevering vert vatnet i treverket erstatta av voks. Det vart utarbeidd ein modell i plast og papir i skala 1 : 5.

I 2024 vart Lovundbåten museum opna i eit nytt museumsbygg på Lovund. Dei konserverte delane av lovundbåten er montert i ei krubbe av stål, som har form etter den opprinnelege båten.

Kjelder

endre
  • Ann Kristin Klausen: Lovundbåten . Middelalderfartøyet som gjenoppsto i KYSTEN, utgåve 4 – 2024
  • Arkeologi som endrer historien i KYSTEN, utgåve 4 – 2024