Luciano Sušanj (10. november 194814. april 2024) var ein kroatisk politikar og friidrettsutøvar frå Rijeka som tevla for Jugoslavia på 400 m og 800 m. Han vart i 1974 europameister på 800 meter.

Luciano Sušanj
Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Kroatia
Fødd 10. november 1948
Rijeka
Død

14. april 2024 (75 år)
Rijeka

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Franjo Bučar State Award for Sport

Idrett

endre

Både i 1969 og 1971 vann Sušanj 400 meter under Balkanleikane. I 1973 vann han same distansen på tida 46,38 sekundar under EM innandørs i Rotterdam.

Deretter gjekk han over til å konkurrere på 800 meter. Åra 1973-76 vart han fire gongar balkanmeister. Vinteren 1974 vart han innandørs europameister på 800 m i Göteborg på tida 1.48,07.

Under europameisterskapen i Roma i september 1974 rykte Sušanj frå feltet ei 220 meter før målstreken og spurta i mål i einsam majestet, over halvtanna sekund føre andremann, Steve Ovett frå Storbritannia. Vinnartida 1.44,07 var ny europarekord.

Sušanj var ein av favorittane på 800 i sommar-OL 1976 i Montreal. I finalen makta han ikkje å fylgje verdsrekordtempoet til kubanaren Alberto Juantorena, og vart klokka i mål som sjettemann på tida 1.45,75.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Politikk

endre

Sušanj var 1990-92 medlem av det fyrste parlamentet i Kroatia. I 2000 vart han på ny parlamentsmedlem, då for eit regionalt parti. Han braut med partiet i 2003 og var med på å danne Det sjølvstendige regionalpartiet (ARS).

I 2001 vart Sušanj vald til leiar av Kroatias friidrettsforbund..

Kjelder

endre
  1. «Luciano Sušanj» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 4. desember 2016. Henta 29. januar 2017.