Lucyna Langer-Kałek

Lucyna Langer-Kałek (fødd 9. januar 1956) er ein polsk tidlegare hekkeløpar som vart europameister på 100 meter hekk i 1982 og tok bronsen i øvinga under Sommar-OL 1980.

Lucyna Langer-Kałek
Statsborgarskap Polen
Fødd 9. januar 1956 (68 år)
Mysłowice
Yrke friidrettsutøvar
Språk polsk
Høgd 167 centimeter

Aktiv endre

Langer sprang under 13 sekundar på korthekken fyrste gongen i 1978, tid 12,89. Året etter forbetra ho seg til 12,62, ei tid oppnådd då ho sigra i øvinga ved universiaden i Mexico-byen. Då landskvinna Grażyna Rabsztyn den 13. juni 1980 sette verdsrekord med 12,36 sekund, fylgde Langer opp med 12,44, ei tid som plasserte henne på andreplassen på verdsstatistikken. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva nokre veker seinare tok ho bronsen i øvinga, med tida 12,65 kom ho i mål to hundredels sekund attom Johanna Klier og eitt hundredels sekund framom Kerstin Knabe, begge utøvarane representerte Aust-Tyskland.

Som Lucyna Langer-Kałek vann ho i 1982 EM-gull på 100 meter hekk i Aten. Vinnartida på 12,45 sekund var den nest beste i verda det året, einast Jordanka Donkova frå Bulgaria, som tok sølvmedaljen i EM, presterte betre med sine 12,44. Vinteren 1984 triumferte Langer-Kałek på 60 meter hekk ved hall-EM i Göteborg etter eit løp på 7,96 sekund. Den 19. august 1984 forbetra ho livsrekorden sin på 100 meter hekk til 12.43 sekund ved eit stemne i Hannover, årsbeste i verda gjennom OL-sesongen. Ettersom Polen boikotta sommarleikane i Los Angeles deltok Langer-Kałek ikkje der.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1978 i Praha: Nr 5 på 100 m hekk – 12,98
  • OL 1980 i Moskva: Bronsemedalje på 100 m hekk – 12,65. Nr 7 i 4 x 100 m stafett (44,49)
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje på 100 m hekk – 12,45, framom Jordanka Donkova (12,54)

Kjelder endre